 |
I 8 års alderen spurde far min håpefullt (han var korpsdirigent og musikklivsorganisator) kva slags instrument eg syns var tøffast. Eg lagde en trekkbasunistisk gest, og 10 minutt etterpå var vi på korpslageret og henta min første gamle yamaha med spygrøn kasse. Etterkvart syntes eg at dette selskapelige instrumentet hadde fått nok merksemd, og eg fann nye utfordringar i far sitt euphonium, broderens kornett, søstrene sine treblåsinstrument, og på ungdomskulen hadde eg to musikklærarar som var fiolinistar, så da stod eg der og spelte Vivaldi og Bach i 3 år... Vel over på Firda Gymnas vart eg introdusert for storband, og fekk tak i platene til Frode Thingnæs kvintett, og kjøpte meg Conn88H Artist Symphony trombone. Sterkt delaktig og pådrivande var også musikkleirane på Nordfjordeid (som alltid krasja med NorwayCup...) Der møtte vi ein flokk med Brass Brødre, som i tillegg til å være tvillingar og/eller i slekt med kvarandre og sunnmøringar på sin hals, var Store inspirasjonskjelder for unge gutar som meg og Arve Henriksen og David Gald. Utan at dei var der og spelte for oss, og introduserte oss bokstavlig talt for "Songs in the key of Life" kunne vi enda opp som hensynslause pokerspelarar eller frivillige 3.divisjons-spelarar i fotball. Stor takk til dei og dei andre dei fekk lurt med seg dit. Av tromboner har eg spelt på den nevnte korps-Yamahaen, ein overkøyrd Getzen på lån, en "meksikansk" Conn88H, en King2b som eg ødela klokka på, Yamaha 691, Benge 170F til teaterbruk som klokka ramla av på under ei forestilling av "Frendelaus", ny King2b som klokka var ødelagt på når eg fekk den, og endelig; et nydelig Shires instrument med kobberklokke som er å høyre på "MoonCrier" på FindingNymo albumet. Siste tilskudd på stammen heiter Yamaha 640G og er eit fantastisk sølvbelagt smallshank kvartventilhorn som eg kjøpte av Even, sidan det alikevel var eg som brukte det mest :-)
|
 |