Orkesterliv?


Som nevnt trødde eg mine barnesko (Adidas med skruknottar) i Stryn,
som ligg så nær grensa til Sunnmøre at vi kunne høyre saging og banking frå møbelfabrikkane når det blæs frå nord.
Eg oppdaga at eg i ung alder ikkje berre kunne lage eigen musikk,
men også skrive ned andre sin, slik dei fleste trekkbasunistar kan og gjær.
Dette har også utvikla seg til framifrå attåtnæring,
og har gitt meg gleda av å få møte og arbeide med nokon av dei flottaste
artistane furet værbitt har å by på, samt eit og anna internasjonalt namn i ny og ne.
Klikk på "Orchestra(playlist)" i menyen øverst på sida om du vil høyre.

Av store orkesterprosjekt må eg nevne Kringkastingsorkesteret sine prosjekt med Farmers Market, Javid Asfari Rad, Kvarts, Bel Canto og på Kongsberg Jazzfestival 2008 med Petter Wettre, som eksempel på dei over 100 arrangementa eg har levert til dette orkesteret.

I Stavanger har det vore bykonsertar med orkesteret og Anne Grete Preus, Randi Tytingvåg og DeLillos. Til hausten startar SSO Sessions der eg har fått i oppdrag å lage konsert for nokon utvalgde artistar med kun orkester utan komp!

Kristiansand har gjort Piaf konsert med Heidi Gjermundsen, TyriHans og Pannekaka skyggeteater med Tony Valberg og stumfilmen Baldevins Bryllup med meg som pianospelande kapellmester. Der har eg og gjestedirigert, sist med CD innspeling av "Django Symphonique som også har eksportert med som dirigent til Genève og Paris.

I Bergen har det vore festspelåpningskonsert med Terje Isungset, og sist vår konsert med BFO og William Hut og på nyåret med Jan Eggum.

Gøteborg har også eit fantastisk orkester der eg har skreve til bl.a. Peter Jøback og Lisa Nilsson.

Som produsent har eg laga ei plate eg sjølv er svært glad i, og som er elska, og ikkje minst hata, for kontroversiell bruk av klassisk lieder reportoir: «Remembrance» med Øivind «elg» Elgenes og Grete Helle Rasmussen.
Der stiller vi spørsmålet om kven som har arveretten til dette repertoiret, og om vi kan tilføre musikken noko ved å gå i stikk motsatt retning av tidligmusikkbevegelsen, og sjå om den held vatten i møte med Elg sin form for stemmeprakt og tilnærming.
Klikk på "This Little Rose" om du vil høyre ein smakebit.

I undervisnings-sammenheng har eg jobba på NorgesMusikkhøgskole som jazz-trombone/komposisjon/arrangerings lærer,og har også vore knytta til Universitetet i Oslo, Høgskolen i Agder(konservatoriet) og som gjesteforeleser på jazzlinja i Trondheim.
I tillegg til dette har eg gjort ei rekkje pedagogiske prosjekt innanfor områder som komponering og improvisasjon for barn og unge, på vidergåande skular, barneskular, bl.a. under Ultima festivalen i 1995 og 96, og i Sandvika Teater, Magma festivalen i Berlin 2002, og på Barrat Due, der eg har hatt impro/komposisjon med førsteårs studentane på konservatorie avdelinga. Til våren skal eg være med på Oslo F.O. sitt "Ung-kom" prosjekt og sette i saman bidrag frå 6 vidaregåande skular til eit orkesterstykke som skal framførast av OFO i slutten av april.

Har også turnert i Rikskonsertregi med Arve Henriksen, Stian Carstensen, Hans Kristian Kjos Sørensen og Finn Guttormsen i ei forrykande Spike Jones inspirert forestilling. Desse havna og som «skoddespelarar» i NRK sin laurdagsbarneTVserie «Jenny og Ramiz»

Av andre muntre TV innslag kan nevnast gjestevisitt hos Nissa og Elisabeth på julafta 2004, der "When You Wish Upon A Star" blei kvekka ut til det norske folk i min berykta DonaldDuck versjon, som også herja på Tusenfryd sommaren 2005. En om mulig endå meir populær sommarjobb enn med Ylvisbrødrene året før...

Har dessuten som ein kuriositet spelt med Elvis Presley i Oslo Spectrum...
Han var riktignok daud som ei sild, men det originale bandet med bl.a. James Burton og Jerry Scheff var så vidt i live, forsterka med norske strykarar og blåsarar... Kjentfolk i salen sa det var ein heilt absurd opplevelse med Elvis på storskjerm med stemma på teip og det originale bandet på scena, og eksempelvis full size bilde av meg og trekkbasunen på skjermane på begge sider av Elvis...
Og då er eg kanskje den einaste som har spelt med både Ylvis og Elvis ???




Visit my other links:
FarmersMarket Kvarts PetterWettre