Med utganspunkt i tradisjonsmusikk frå Bjerkreim, har me laga vår eigen vri på musikken som var populær allereie for eit par hundre år sidan. Me har teke oss den fridom å forma den gamle musikken på vår eigen måte. Det betyr at nokre stadar har me lagt til eitkvart, medan på andre har me trukke frå på slåtteformer og stevtradisjonar. Slik vonar me å finna eit uttrykk som er vårt, slik me likar det, og som vert eit nytt tilskot blant mange ulike folkemusikkframføringar i Noreg.
Musikarane i Stambordet skriv også eige materiale, og me har etterkvart fått eit stort repertoar av originale songer og slåtter. Dette er noko me kjem til å satsa meir på i framtida.
For lytteeksempel, sjekk vår MySpace-side.
Fleire av slåttane Stambordet speler, kjem frå eller er vidareført av spelemannen Ivar Fuglestad frå Bjerkreim. Les meir om Ivar Fuglestad.
