Hytteliv
Påska er over, og eg har vore på hyttetur. Å vere på hyttetur er ei eiga greie, ulikt alt anna. Det som overraskar meg mest er at alt i påska er omvendt av resten av livet, om lag som Bizarroworld, for dei som hugsar Supermann. Alle prinsipp som gjeld elles i livet er snudd opp/ned, og i det ein trør over hytteterskelen endrar livet seg, og blir ikkje det same gamle før du har vaska ut hytta, tømt snurredassen og er i bilen på veg heim. Her er alt det sjuke du må finne deg i:

1. Hygiene
På hyttetur skal du vere uvaska og uflidd. Der du elles ville ha lukta deg under armane og rynka på nasa over di eiga kroppslukt, skal du no valse rundt i sveitt ullundertøy og gni den ekle og sveitte kroppen din opp til dei du er saman med. Ei hytte med skikkeleg bad er ikkje ei hytte, men hus, og hus tel ikkje på fjellet. Når du tørkar deg i rompa på do skal papiret leggjast i ei eiga korg, og ikkje hivast i do, og ein må spare på vatnet når ein vaskar fingrane. Viss ein i det heile er så homo at ein vaskar fingrane.

Bestikk og fat blir brukt om og om igjen, og berre sporadisk vaska i snøen.

2. Kritisk sans
Den kritiske sansen er i vill flukt på hyttetur:

a) klede:
På hyttetur er det undertøyet som tel. Greitt nok i løypa, men i hytta skal du ha laust, saggete og blått ullundertøy frå Dovre.

b) tidtrøyte:
TV er femi, og i alle høve ikkje noe anna enn NRK, med Roald Øyens påskenøtter og 6 timar lange påskemesser frå Polen. Aller helst skal du lese bøker som er så suspekte at du aldri elles ville ha tilstått å ha lese dei. I år, til dømes, las eg Da Vinci-koden, og meska meg skikkeleg i gamle nyheiter om apokryfe skrifter og dårlege konspirasjonsteoriar. Dette hadde eg aldri rømt inn, var det ikkje for at det skjedde i hytta på fjellet. Det same gjeld spel: På hytta er det det kjedelegaste og mest inkjevetta spelet som tel: Yatzy (uttalast "jessi" av røynde hyttefolk. Ikkje drit deg ut her). Kva er dette med at ein skal på død og liv spele på hyttetur?

c) gjestar: På hytta tillet ein seg å snakke med, jamvel invitere inn, den irriterande fyren frå nabohytta, som du elles ville ha skore av deg øyra for å ha unngått å høyre på.

3. Mat
På hytta er det den maten som tar minst plass og har minst smak som tel: Supper, potetmos og pølser, til dømes. Brødet er berre ferskt den første dagen, og smakar vondt resten av ferien, saman med dei elendige middagane.

4. Søvn
Ei dobbeltseng i ei hytte er om lag 20 cm. smalare enn ei enkeltseng heime. Viss du, som eg, ikkje likar å gni deg inntil kjærasten din absolutt heile natta, men set pris på litt rom og armslag og verdifull åleinetid under dyna i løpet av natta, kan du gløyme dette heile hytteturen. Du får ikkje fred før du kjem heim eller greier å snike deg til nokre timar på dagtid, medan alle dei andre et appelsinene sine i skiløypa.

|