Dei tåpelege kvinnene å negrane å di
Det var det eg visste: Kvinnene er dummare enn mannfolka. Og negrane er dummare enn dei kvite. Professor Richard Lynn har studert IQ og storleiken på hjernane til kvinner og menn over heile verda, og konkluderer med at kvinnene har gjennomsnittleg 5 poeng dårlegare score enn menn i IQ-testar. I tillegg har han funne ut at det er skilnader mellom ulike rasar, og han konkluderer mellom anna med at "... the average IQ of blacks in sub-Saharan Africa is approximately 70." Kvifor gjer då jentene det betre på skulen enn gutane? Tja, det har med pedagogikken, gruppearbeid, drama og slike ting å gjere; viss det kjem til det å skulle lære noe (les: å få ein A på eit prestisjeuniversitet), så er gutane framleis i tet. The Guardian har meir om dette.

Kva kan vi lære av alt dette? Jo, mellom anna at vi har utvikla oss vekk frå prinsippa om den naturlege seleksjonen, for, seier Lynn, folk under mellomklassa er dummare og har dårlegare moral enn alle andre, og hadde i tidlegare tider blitt fasa ut av naturen. No er vi for samvitsfulle og tar oss for godt av dei dumme folka, kvinnene og negrane, og naturen får slett og rett ikkje gjere jobben sin. Nokon skulle jammen ha laga eit politisk program av dette... hei ... vent litt, om ikkje noen har gjort det for nokre år sidan?

Det var godt å få brakt alt dette på bana igjen. For vi har jo høyrt liknande teoriar før, innan ulike vitskapar. I lingvistikken hadde vi jo for nokre tiår sidan Basil Bernstein, som med sine kodeteoriar oppretta eit skilje mellom dei språklege eigenskapane hos ungar i den amerikanske arbeidarklassa (les: amerikanske negerbarn) og ungane i mellomklassa (les: dei korpulente, kvite ungane) der dei kvite ungane hadde det Bernstein kalla ei utvida kode og negrane ei innsnevra kode. Det høyrer med til historia for det første at Bernstein blei kritisert for denne teorien, og for det andre at han jobba vidare på og modifiserte denne teorien i åra som gjekk. (Eg forenklar litt her, tilgje straks.)

Det opplagt fråverande her er jo sjølvsagt problematiseringa av omgrepet IQ, og på den same måten som prostatakreft og hjarte- og karsjukdomar er den verste lidinga i vår del av verda (målt i ressursbruk), reflekterer vel denne forskinga ein gammal, feit, kvit og naturvitskapleg orientert professors verdiar og bekymringar, ikkje ei slags sanning. Eg kan ikkje forstå anna enn at heile denne saka (i alle høve det eg har lese av ho) er eit einaste stort vitskapsmetodisk sjukdomsteikn. Akk, slikt får meg til å miste trua på akademia.

Men, men. Eg er jo både kvit og mann, så eg kan jo kose meg med tanken på at eg har ein mykje større verdi både andsynes naturen og samfunnet enn både kvinnane og negrane. Eg burde jo vere nøgd med det. Salige er dei gamle, kvite grisane, for dei har arva jorda.
|