Dans
Eg er musiker, og på nokre av spelejobbane eg tar (eller må ta, for å få endane til å møtast) hender det at folk dansar. Desse jobbane er faktisk fornøyelege av di eg kan stå på ei scene ein meter over alle andre, og se på folk danse.

Eg har ei melding til dei av dykk som trur de ser rare ut når de dansar: De ser rare ut. Eg har også ei melding til dei av dykk som ikkje trur de ser rare ut når de dansar: De ser rare ut, de og.

Desse røynslene er den direkte årsaka til at eg sjølv ikkje dansar. Dei gongene eg har prøvd (anten av di det var den einaste tilnærmingsmåten til ei jente eg trudde eg kunne kome til å få gode kjensler for, eller av di eg av ein eller annan grunn trudde eg hadde noe på dansegolvet å gjere (eg brukar (sikkert) alt for mange (unødvendige (sjølv om dei ikkje kjennest unødvendige for meg)) parentesar)), har eg utan unnatak fått det bekrefta at eg er heilt hjelpelaus. Eg kjenner meg som ein flodhest på glasbrot, mother-of-Bambi-på-isen, heilt ute.

Og slik burde fleire kjenne det, og følgjeleg også kjenne si besøkelsestid på dansegolvet.

Grunnen til at eg nemner dette no, er at Scott Adams tar opp dette i bloggen sin. Han meiner at hemmelegheita er rørslene du gjer med hoftene, og dristar seg til å gje ei innføring i koss du kan bli ein god dansar. Still deg opp framføre badespegelen, og prøv å danse, med og utan hofterørsler.

Eg gjorde dette nett no, stilte meg opp og bevegde hoftene mine. Men då eg hadde kome i seget, fått flowen og grooven, og såg opp for å sjå koss det såg ut i spegelen, blei det så alt for tydeleg for meg at eg hadde Jan Simonsen-brillene mine på meg, jamfør posten under. Eg les jo til eksamen!

Dermed datt sjølvtilliten min rett ned i kjellaren, og no kjem eg sannsynlegvis aldri til å danse igjen.

Jan Simonsen som vrikkar på hoftene, kor ekkelt er ikkje det?
|