Reklame 2: Kven veit kva om meg?
Og medan eg er inne på dette med reklame: Eg får mail på mail frå ein som kallar seg Lionel Haney -- han må verkeleg ville meg noe. Haney skriv i ein veldig tilknappa og punktvis stil, på eit heller slett engelsk, og meldinga er kvar gong som følgjer:

-Sensattional revolution in medicine!
-Enlarge your penis up to 10 cm or up to 4 inches!
-It's herbal solution what hasn't side effect, but has 100% guaranted results!
-Don't lose your chance and but know wihtout doubts, you will be i`mpressed with results!


Han vil altså fortelje meg at ein sensasjonell medisinsk urte-revolusjon kan gje meg ein 10 cm lengre penis. No skal eg ikkje vere påtrengande intim og fortelje kva dette tyder i prosent for meg, men 10 cm auka penislengd er ganske mykje for dei aller fleste menn.

Men: Det som uroar meg er at eg samstundes får mail frå ein eller ei som kallar seg Elmercyna. Mailane til Elmercyna har anten tittelen "Lose those love handles" eller "Wanna fit into those jeans?" Elmercyna har altså fått greie på at eg har lagt på meg i det siste.

Og det er no eg blir paranoid: Einkvan der ute på det store Internett har altså ei bestemt oppfatting av at eg er ein person som er feit og har liten penis, og spreier rykter om dette til folk som Lionel Haney og Elmercyna. Då byrjar eg å lure: Er det ein vondsinna eks-kjærast som tar igjen for at eg har dumpa ho? Kva hadde ho eigentleg imot valkane mine og penisen min, og kvifor sa ho ingenting då vi var saman? Og kva skal eg gjere for å stoppe desse rykta?
|