Om livsglede og sjølvdisiplin
Hadde eg, i møte med alt ein no møter i kvardagen, kunna vise fram ein mikroskopisk liten brøkdel av det engasjementet og livsgleda som Springer Spaniel-tispa vår gjer når eg hentar matfatet hennar for å fylle det opp med tørre bikkjebrikettar, då hadde mangt vore annleis. Eg må gje meg ende over: Heile ho går opp i ein høgare einskap med absolutt alt rundt seg, og livet får brått ei valdsam og intens meining. Alt kvar einaste celle i tispekroppen hennar noengong har lengta etter finn heim i dei 5 augneblinkane det tar meg å plukke opp matfatet, fylle det med hundemat, setje det på golvet og uttale dei magiske, eller i denne situasjonen beint fram poetiske, orda "versågod, spis".

Medan eg gjer klar maten og ho ventar på denne høgtidsstunda, sit ho og viser fram ein sjølvdisiplin som er like beundringsverdig som gleda. På den eine sida ser eg at ein skitten djevel kviskrar ho i det høgre, flokete hengeøyret: "Gje no faen i den drittsekken, han vil berre pine deg med å vente med versågod så lenge som muleg. Spring og et maten, han kan ikkje gjere deg noe likevel." I det andre øyret kviskrar ein kvitbleika hunde-engel med skinande glorie: "Sit no i ro, du veit kor høgt du elskar dette mennesket som gir deg mat, og du veit kor uendeleg snill han er som jobbar og slit dag ut og dag inn for å skaffe deg slike herremåltid. Vent no berre til han seier dei vedunderlege orda, slik berre han kan seie dei, vent no berre." I spenninga mellom engelen og demonen sit hunden og dirrar som ein tørketrommel.

Engelen vinn alltid.

Slike enkle kick i tilveret er det lenge eg har hatt, om eg noen gong har hatt det. Det næraste eg har kome må ha vore i 1980, då eg høyrte Back in Black av AC/DC for første gong. Denne typen livsglede trur eg kan hende du må vere hund for å ha. Anten det, eller så må du vere veldig dum. Men eg trur at hunden er ekstremt lukkeleg, og det er jo noe. Eg trur òg han er veldig dum.

Heile eksistensen hennar denne dagen har uansett peika fram mot augneblinken då ho står andsynes matfatet. Slik går dagane hennar. Og sjølve måltidet har form av noe som vanskeleg kan skildrast med kjente termar: Er det tale om ein eller annan lydlaus eksplosjon? Eller ein slags osmose? Ingen kan sjå at ho et, maten sklir på ein eller annan måte berre over i hundekroppen — ho brukar ikkje eingog eitt heilt innpust på heile matskåla.

Oppturen for dei av oss som irriterer oss over ei slik livsglede er jo nettopp det at heile livet hennar tar mellombels slutt i det ho har gjort seg ferdig med måltidet. Ho segnar liksom om og blir apatisk. Det einaste ho har å glede seg til no det er å tusle ut i hagen og drite ved sida av kaninburet, og det er på langt nær så gjevt. Livstrøytt, blir ho. Det har ho godt av, for kva er det vel ho har gjort som gjer ho fortent til slik ekstase? Logra i det eg kom inn døra?
|