Diss musikalen
Bloggen Typisk Tor Andre bruker ein heil post på å argumentere for kvifor vi skal respektere musikalen. Trur eg. Eg veit ikkje heilt, av di musikalar er så kjedeleg at eg ikkje ein gong gidd å lese om dei. Derfor las eg ikkje heile bloggposten. Men det er ikkje naudsynt, for dette er poenget mitt:

Musikalar er eit håplaust mellomprosjekt, verken fly eller Supermann, ein slags kunstnarisk struts: kan verken det eine eller det andre, er frykteleg stygge og legg store egg. I motsetnad til strutsen går musikalane seint. Eg hatar dette: Midt i det som kunne ha blitt ei god handling, kjem det ein eller annan irriterande song, der ein dialog blir latterleggjort og det heile blir pinleg. Musikalar er latterlege, og dei som liker musikalar hatar musikk, eller er fundamentalt utan forståing for musikk og/eller tonedøve.

Ei forteljing om eit bankran der dei fire ranarane må danse til seg ransutbyttet i ein 4-stemt barbershop-låt er ikkje ei forteljing, det er eit produkt av folk som heller ønskte at dei studerte drama saman med 45 år gamle fråskilde koner på lærarhøgskulen. Gjer heller det. Bryt opp, skil deg frå den feite mannen din, studér på lærarhøgskulen, berre fri meg frå musikalane.
|