Lesevanar
Friday 14 October 2005
Kategori: PermalinkEg skal på ingen måte legge skjul på at hovudet mitt for tida er fylt opp av tankar kring masteravhandlinga mi, som eg håper å levere før jul, og som eg jobbar med 48-8 denne haustferieveka. I tillegg har eg vore involvert i eit prosjekt på UiS som også skulle munne ut i ein tekst om ca. det same. Emnet er lesing av digitale tekstar, og eg prøver no om dagane å gjere greie for ein fornuftig teoretisk ståstad i forhold til teksten på eit slikt medium som til dømes Internett.
Verda er full av hypertekstteoriar, og eg har lest meg mett på påstandar om non-lineær og assosiativ lesing, og ein springande fragmentert lesekultur, og eg har sjølv lese mykje på skjerm, både frå nettsider og nedlasta dokument, og eg har også til ei kvar tid ein svær stabel med bøker framføre meg.
Det rare, som eg sjølv-observerte tidlegare i dag, er at eg les i papirbøkene mine på ein måte som minner meg om utidige påstandar om folks lesevanar på nettet. Eg er ikkje sikker på rekkefølgja her no, om eg har utvikla denne lesevanen som følgje av at eg har i årevis lest mykje frå skjerm, eller om eg alltid har lese slik, men berre blitt klår over det i lys av teoriar om og lesing på digitale medier. Men eg hoppar i alle høve nokså assosiativt og innhalds- eller tankestyrt mellom bøkene; les eg om kodeteoriar i semiotikken i ei bok, refererer eg til liknande kapittel, eller berre utdrag frå kapittel, om kodeteoriar til dømes hos Hall eller Eco.
Til dette formålet, å oppnå innsikt i eit bestemt emne, fungerer dette flott. Det føreset sjølvsagt at eg har i alle høve eit visst oversyn over fagfeltet, for bøkene eg hoppar mellom er strukturert som gradvise innføringar, ikkje referanseverk. Kan hende er dette eit teikn på at eg har funne meg strukturar som fungerer bra for meg kognitivt? Eller kan hende er det berre nok eit teikn på at eg er ustrukturert og rotete.
Må tenkje på dette medan eg tørkar opp kaffien eg sølte over tastaturet og to av bøkene.