Bloggtørke
Tuesday 14 March 2006
Kategori: PermalinkEg registrerer at fleire og fleire legg seg bakpå når det gjeld blogging, og
bloggen Tversover registrerer det same. Jill Walker nemner at ho
bloggar mindre, og Hjorthen har kasta inn handkledet, i alle høve for ei stund. Er det slik at bloggen ikkje var den kanalen bloggarane trudde han var, at vi (nokre av oss, i alle fall) rett og slett kastar vekk tida på unyttig tøv, og ikkje får jobba med dei tekstane vi eigentleg burde jobbe med (
som Hjorthen antydar)? Tanken har i alle høve slått meg, og meir enn ein gong.
Vel, blogg 1.0 er vel på veg ut, og vi får se kor 2.0 ber.