Foppall
Eg har gjort noe svært merkeleg til å vere ein person av min kroppsfasong. Trass i at gravitasjonskreftene verkar meir på meg enn mange andre har eg gått hen og blitt foppalltrenar. Rett nok på Hinna 2 sitt jentelag (3.-klassingar) og rett nok berre 4.-assistent på treningane (eg set stort sett berre ut kjegler og samlar dei inn igjen etterpåWinking , men likevel. Eg går i treningsdrakt og ropar at dei må skyte ballen inn foran mål og slike fotball-rop, særleg på kampar mot andre lag. "Spring, din sekk, du har jo bein!" og "Se opp for den feite fjerdeklassingen bak deg!" og "Dommaren er ei hore" og slikt. Vel, eg tenkjer på slike kommentarar, sjølv om det som kjem ut er snillare. Eg har magesår og må ta det med ro.

Kva gjer ein ikkje for å vere eit godt førebilete.
|