Matvrak mot Høybråten
Eg har grubla ei stund på kva eg kan gjere for å protestere mot helse-helvetet Dagfinn Høybråten legg opp til. Lenge hadde eg lyst til å lenke meg fast til McDonalds, men det hadde rett og slett vore litt flaut, og det kunne ha verka mot si hensikt. Det har liksom (paradoksalt nok) blitt ein tradisjon å lenke seg fast til noe du er imot, ikkje for, og eg er jo for McDonalds. I alle høve maten der. Eller, rettare: Næringsinnhaldet i maten der. Og kven skulle ha brydd seg om det hang noen fast i eit skilt utanfor?

Deretter prøvde eg å byrje å røyke. Eg hadde det som nyttårsforsett for to år sidan, men eg sprakk alt 3. nyttårsdag, og måtte slutte. Så der stod eg, opprådd for våpen og fortvila over manglande protestmiddel. Slik er det jo her i kjedelege Noreg. Eg kan jo ikkje henfalle til vald, heller, sjølv om fjeset til Høybråten skrik etter ein knyttneve.

Men i går gjorde eg det. Eg kjøpte ein halvliterboks med Piano vaniljekrem og åt opp heile boksen med ei skei, og det gjorde eg heilt åleine. Ein boks vaniljekrem, ei skei, ein mann. Eg kunne kjenne det klumpa seg deilig til rundt hjarterøtene.

Dette vil eg tilrå alle å gjere, dersom dei er imot Dagfinn Høybråten. Det var særs godt — ein verdig måte å protestere på når det no eingong var det eg skulle gjere, og det kjentest om lag slik eg innbiller meg det ville ha vore å svømt rundt med open munn i midten av ein svær skulebolle.

Der fekk han, dusten!
|