Idrett sett frå ein slitar sin ståstad
Det ultimate stresset for meg, det som verkeleg toppar seg og gjer at ting blir seriøst pes, er det som blir kalla "cupvinnarcup." Ordet summerer opp all driten frå gymtimane, alle gongene eg måtte ut igjen på bana når eg endeleg trudde eg var bytt ut for godt, og alle dei fullstendig meiningslause springerundane i bana rundt ei fotballbane.

For: Tenk deg når du hadde stressa som ein galning for å vinne ein cup. Du gjekk runde på runde, og endeleg såg du lyset i enden av tunnellen, med halvanna liter Cola og pizza, langt vekk frå drittsekkar av fotballtrenarar og sur gymlukt og alle dei ekle fotball-kompisane dine. Kva skjedde då?

Jo, då skulle alle cupvinnarane samlast for å spele mot kvarandre. Ein cup for cupvinnarar - finst det eit større paradoks, og ein meir deprimerande tanke? Kva er då vitsen med å vinne ein cup, å slite seg igjennom kamp etter kamp etter kamp, viss alt du har i vente er ein ny cup? Her snakkar vi om eit invertert atletisk reinkarnasjonshelvete, der du etter å ha slete deg igjennom ein cup og trur du fortener kvile, blir fødd inn i ein ny cup.
|