Bob Dylan
Og med det same vi diskuterer musikk: Bob Dylan syg. Det er berre gamle norsklektorar som røykte såpass mykje på 60- og 70-talet at dei ikkje fekk desse tiåra med seg som påstår at han har særleg å fare med. Og så nokre jyplingar som har ei eller anna tåkete formeining om at det skal vere kult då, sjølvsagt, sidan det har vore litt kult å vere retro i det siste.

Keisaren har ikkje klede, han spradar rundt med penis i fri luft, og Bob Dylan kan verken køyre motorsykkel, spele munnspel, synge eller skrive låtar (kan hende med eitt og anna unnatak, men då alltid gjort betre av andre artistar).

Han hadde sikkert gjort ein god figur som ein sur Tor Milde-lookalike i ein amerikansk Idol-jury.

Slik. No har eg fått sagt noe om både Dylan og musikalar, så då er eg nøgd.
|