Omvend eder, for mai er nær
Denne karen er eit kjent innslag i Stavangers bybilde:
115870260_6bd5513705
I årevis har vi sett han stå langs gatene med eit skilt (det same som på bildet) med følgjande bodskap: Omvend dere, for Jesus kommer snart.

Til dette vil eg knyte nokre kommentarar:

1. Bodskapen om Jesu kome har ikkje alltid vore så generell. Då eg kom til Stavanger i 1988, ung, fargeblind men grøn (blei det sagt), gjekk denne karen og det eg trur er sonen hans rundt med kvar si svære boblejakke med følgjande bodskap på ryggen: Jesus kommer i 1988. Dette er ein nokså presis spådom for ei hending av slike dimensjonar; vi snakkar trass alt om ei ny jord og ein ny himmel her, verken meir eller mindre.

Vel, 1988 blei 1989, og det torer vel vere kjent at Jesus ikkje kom. Den same gamle jorda, og den same gamle, regntunge himmelen.

Neste gong eg såg dei hadde dei endra litt på bodskapen bak på jakkene sine, for no sto det at Jesus skulle kome i 1989. Igjen, 1989 gjekk og 1990 kom, utan Jesus. Men no bytte dei strategi: Eg såg dei med skilt og boblejakker våren 1990, og då hadde dei bytt ut "1989" med det langt mindre presise "snart:" Jesus kommer snart, altså. Ei aning feigare, men sikkert klokt.

2. Bildet over tok eg frå bilen min i går. Her har det skjedd noe, for over "Jesus" har han klistra ein stor lapp der det står "mai." Dette kan tyde på to ting:
a) Vi må omvende oss, for Jesus kjem i mai -- altså tilbake til den gamle strategien, men litt meir presist denne gongen. Han må ha fått nye og viktige opplysingar.
b) Vi må omvende oss, for mai kjem snart. Dette forstår eg ikkje heilt, av di mai aldri har representert eit generelt trugsmål for andre enn studentar.

Det blir nok tydelegare i mai, og viss ikkje, får vi følgje med på nye plakatar frå denne karen. Eg skal formidle vidare det eg ser. Eg trur jamvel eg skal stoppe og spørje fyren kva han eigentleg meiner no.
|