Fredagens desidert verste oppleving:
Friday 21 April 2006
Kategori: PermalinkÅ høyre ein kor-amatør frå Vestlandet nyte seg sjølv i Nora Brockstedts GP-låt "Voi-Voi" frå 1820 medan dei andre kor-amatør-venene hans prøver å følgje han i noe som sannsynlegvis skal vere to- eller trestemt, medan Ivar Dyrhaug later som han blir rørt, og alle dei andre deltakarane later som dei synest det er vakkert, medan alle eigentleg høyrer og ser at dette er svært pinleg.
Eg får lyst til å teipe på meg 50 kg. plastisk sprengstoff under t-skjorta, springe inn i studio og hyle at dette må ta slutt!
Dette bør bli forbode med ein gong:
1. Kor-verksemda her til lands. All song over tostemt må bli forbode.
2. Damer som syng rolege songar til akkompagnement av piano.
3. Saksofonsoloar
4. Rolf Løvland
5. Gospelmusikk. Det er nok no.