Bestemora mi
Nynorsk og virilitet
Dessutan, ber bestemora mi meg om å tilføye, har vi nynorskingar meir krut i posen. Vi er meir fruktbare enn bokmålsfolket, rett og slett.

No gjenstår det berre å finne ut om e-målsnynorskingar er betre enn a-målsnynorskingar, noe eg personleg trur, og vidare om det å vere nynorsking i bokmålskommunar øydelegg sædkvaliteten, noe eg fryktar. Dei skal i så fall saksøkast til langt oppetter dei manglande diftongane sine.
|
Nynorsk-krisa
Eg har lova meg sjølv å ikkje skrive om nynorsk her. Derfor overlet eg igjen maskina til bestemora mi, som gjerne skriv om nynorsk. Ho heiter også ArneOlav, og her det ho meiner:

Det kan vere eit sjukdomsteikn, men eg skjøner opptil fleire av argumenta til blårussen som handlar om nynorsken, og eit døme på slikt noe finn du her. Eg er langt på veg samd i at ein ikkje kan regulere seg fram til eit levande og godt nynorsk, men noe drahjelp frå lovar og reglar må eit kvart språk ha. Derfor meiner eg vi framleis bør ha eit regulert forhald mellom nynorsk og bokmål, til dømes i det offentlege.

Det sterkaste argumentet for nynorsken finn ein likevel i sjølve språket, og eg er overraska over kor lite som blir gjort for å setje fokus på det språklege og språk-estetiske i denne diskusjonen. Kor er forskinga på dette, kjære målrørsle? Nynorsk er ikkje eit lyrikkspråk, det er eit språk for hjernen og dei kvasse, direkte og aktive formuleringane, og dette synest eg særpregar nynorske prosaforfattarar. Sjølvsagt er det like mange gode bokmålsskribentar, men poenget mitt er dette: Nynorsken og det nynorske språkidealet representerer noe annleis, og dette annleise har ein språkleg eigenverdi.

Denne verdien trur eg fleire hadde sett, hadde ikkje nynorsken vore redusert til eit tvangsmål og eit spørsmål om kjønn og sterke verb. Eg trur langt fleire hadde vore tent med å skrive nynorsk, og sett dette, viss vi på vår side kunne ha kvitta oss med tåkeleggjarane frå målrørsla. Sanninga ligg ikkje eingong mellom venstre- og høgresida, men ein heilt annan stad, som båe desse ytterpunkta har gløymt ut: I sjølve det språklege, det meiningsberande og -skapande; språkidealet og det estetiske.

I 2007-8 ønskjer eg meg verkeleg boka som tar føre seg nynorsken og språkestetikken, ikkje nok eit språknekrofilt festskrift over ein stor og 150 år gamal nynorsking.
|
Bestemora mi og Idol
Til glede for alle dei 3 lesarane mine introduserer eg ein ny kategori: Bestemora mi. Bestemora mi er ein kategori for alle dei temaa eg ikkje vil (eller kan) skrive om, og som eg derfor sender til bestemora mi. Eg har til dømes lova at eg ikkje skal skrive noe som helst om Idol, og det skal eg halde. Derfor låner eg heile Mac-en vekk til bestemora mi, og her er hennar meining om Idol:

Alle har ei meining om Idol, og vi synest som oftast synd på stakkarane som drit seg ut og får pepar av dommarane. Eg meiner i mellomtida at behandlinga desse får ikkje det tristaste. Mykje tristare er den ufrivillige ironien ein av dommarane, Tor Milde, er offer for.

Det ironiske, og av TV2 sleipe, her er knytt til at ein person som Tor Milde er med av andre grunnar enn (eller i høgda i tillegg til) det han trur sjølv. Å be ein håpefull 16-åring om å skamme seg er god TV, på den måten at det drar sjåarar. Her ligg Mildes kompetanse. Dette har dei litt meir intelligente produsentane oppdaga, men diverre (eller heldigvis?) ikkje Milde sjølv. Milde som journalist med integritet og peil på musikk er daud, noe balansen mellom musikalske vurderingar og billege (og språkleg elendige) one-linarar så tydeleg viser (og som produsentane veit å utnytte). Milde er sannsynlegvis på ein eller annan måte lurt inn i denne rolla. Det genererer inntekter for TV2, men stiller Milde ut som ein omsynslaus sleivkjeft utan sans for nyansar. Rundt han finst ingen respekt, men masse frykt.

Dette er sjølvsagt trist for ein 50 år gamal mann som ein gong sannsynlegvis ønskte å oppnå anna i livet enn å bli manipulert av produsentjyplingar i eit medium han trur han jobbar i. Milde er ingen fagperson, men ein statisk funksjon, på linje med, og akkurat like forutsigbar som, programvignetten til Idol. Det er for så vidt greitt nok å utsetje ungdomane for knallharde vurderingar, og ha det litt morosamt på bekostning av sjølvhøgtidlege fjortisar. Men vurderinga må vere botna i eitt eller anna. Det er det ikkje her, og det er det som drar sjåarar: Frykta for dei tilfeldige sleivsparka til ein stakkars 50 år gamal mann som omsider får dei 15 minutta han har hungra etter heile livet, men som han ikkje greie å oppnå ved hjelp av hovudet sitt.

Skilnaden mellom Tor Milde og stakkars sjølvhøgtidelege, umusikalske og 16-år gamle Crystal-Jeanette, på kvar si side av dommarbordet, er derfor marginal. Ingen av dei heng eigentleg heilt med. Følgjene blir i mellomtida ulike: 16-åringen kjem seg opp igjen etter tre månader -- ho er trass alt i puberteten, og skal sannsynlegvis bli supermodell neste månad. Det vil i mellomtida ta lenger tid å kome seg etter mordforsøket på Mildes faglege integritet.

Dette meiner eg verkeleg: Det er noe svært trist over å se ein så vaksen mann framoverbøygd med buksene nede. I Brokeback Mountain var det greitt nok, for då handla det om kjærleik. I Idol, derimot, er det rein valdtekt, der ein stakkars, litt dum og aldrande mann blir utnytta.

Dagens konkurranse: Sjå dette biletet, og finn 1 feil.

|