Det er typisk norsk å vere polsk
Monday 29 May 2006
Kategori: PermalinkKalde dagar kan nyttast til så mangt. Eg trur eg har funne løysinga på sidemålsproblematikken, og med det løysinga på fleire problem, her til lands.
Som vi alle veit kostar det jo mykje å ha to sidestilte målformer her til lands. Dokument må lagast i ulike versjonar, og ikkje minst kostar det å lære opp alle i Noreg i eit sidemål, ved sida av eit hovudmål. Det er heilt merkeleg, men løysinga ligg rett under nasa vår, og eg kom på det då eg gløtta opp frå skjermen i dag tidleg og såg ein snekkar hamre laus på eitt av nabohusa.
Løysinga er nemleg verken bokmål, nynorsk eller samnorsk. Løysinga ligg ein heilt annan plass:
Saka er, la oss alle innrøme det, at det smakar meir enn det kostar å oppretthalde nynorsken. Vel er det skjønt å lese lyrikk på nynorsk, men det er nokså opplagt at nynorsk ikkje er eigna til kommunikasjon. Nynorsk er eit kjenslespråk. Derfor må nynorsken døy. Det kostar for mykje pengar å lære opp alle i Noreg i eit lite nyttig skriftspråk, og det kostar endå meir å lære opp treige lærarar.
Kvifor er det då inga løysing å standardisere på bokmålet slik vi kjenner og elsker det?
Jo, av di det også er for dyrt. Det er snakk om kostnader, ikkje sant? Og ein morsmålslærar frå Noreg er dyr i drift, uansett om han lærer vekk nynorsk eller bokmål. MÅ vi absolutt lære norsk, berre av di vi bur i Noreg? Kor står det at vi døyr av å kommunisere på eit billegare språk?
No tenkjer du sikkert "AHA! Han vil innføre engelsk over heile fjøla, sidan språket vårt er så influert av engelsk allereie." Men nei: Engelsken er også for dyr. Ein morsmålslærar frå England eller USA er ikkje særleg mykje billegare i drift enn ein norsk lærar. Tilbake til snekkaren eg såg i dag tidleg:
Eg luska nemleg ut og snakka med fyren. Han var, som eg trudde, frå Polen, og snekra laus på huset til 55 kroner timen. "Er ikkje dette lite, då?", spurde eg. "Neida" sa han, "mykje betre enn det eg er vant med."
Der har du det. Løysinga er å erstatte norsk med polsk, og innføre på brei front polske morsmålslærarar. Og i ei overgangsfase erstatter vi alle journalistar, forfattarar og andre skrivande med polske erstatningar, og det geniale: Til ein timepris på 55 kroner!
Fordelane overgår heilt klårt ulempene. Vel blir det litt stress i ein periode, men vi frigjer utrulege midlar: Vi kan auke pensjonsutbetalingane, bygge eldrebustader på 110 kvadrat med to silikonfylte pleiarar per pensjonist. Og pleiarane kan også vere 55-kronerspleiarar frå Polen, med polsk silikon, slik at vi sparer endå meir. Vi kan ruste opp forsvaret vårt, bygge nye barnehagar og skular, og auke kontantstøtta til å gjelde både mødre og fedrer i ein periode på 4 år. Vi kan jamvel setje igang med vårt eige romfartsprogram, og i norsk pioner-ånd bli den første nasjonen som innfører sosialdemokrati, kontantstøtte og polsk som morsmål utanfor vårt eige solsystem.
Vi vil bli ein føregangsnasjon i heile verda, og på myntane våre vil vi prege ein lettare omarbeidd Brundtland: "Det er typisk norsk å vere polsk."
Mulegheitene er enorme.
Det gjeld berre å tenkje rett. Og tenk: Viss vi i tillegg kuttar ut divisjon frå matematikkundervisinga, og berre konsentrerer oss om 3 rekneartar?
Tankane gjer meg svimmel. Eg fortener ei statue framføre slottet. Eller ein kopp kaffi.
Ei språksosiologisk forklåring på kvifor Tyskland kriga mot Frankrike, England og Russland 1939-45
Tuesday 09 May 2006
Kategori: PermalinkTeorien eg her legg fram er vel ein såkalla IKEA-teori; ein flott og lovande, og billeg, teori som passar alt og alle, men som, når du får han innomhus, er nokså laus i hengslene og alltid manglar ein del:
Ei gammal røvarhistorie, gjenoppfriska av ein kollega, fortel om då tyskarane under den første verdskrigen ropte "Gott mit uns!" over til skyttargravene på hi sida, og fekk til svar "Oh, yes! We've got mittens too!". Denne historia har eg aldri trudd på, men no er eg ikkje så sikker lenger.
Tysk, fransk og engelsk er som språk nokså nærskylde, og å omsetje mellom desse språka burde vere ei smal sak. Derfor tok eg ei nokså grei frase til den digitale omsetjingstenesta Babelfish for å se om hurtig kommunikasjon mellom to språk kunne vere meir problematisk enn det kan sjå ut til ved første augekast. I ein konfliktsituasjon, til dømes ein reinspikka, god, gamal og blodig krig mellom nasjonar, der stressnivået er høgt og kommunikasjonen er anstrengt, er det lett å se føre seg at små, tilsynelatande ubetydelege glippar i omsetjinga kan få storpolitiske følgjer. Om lag som kviskreleiken, berre at du utvidar sirkelen litt.
Eg tasta altså inn i omsetjingsprogrammet Babelfish følgjande frase:
"The brown fox jumps over the lazy dog."
Eg omsette vidare frasa til fransk. Resultatet blei følgjande:
"Le renard brun saute par-dessus le chien paresseux."
Vel. Ein kan sikkert seie eitt og anna om denne omsetjinga. Men det interessante skjedde då eg tok denne franske versjonen, og byrja å omsetje mellom fransk og tysk i 7 sekvensar; se føre deg ein stressa krisesituasjon mellom to land, der kommunikasjonsmulegheitne er begrensa. Here goes:
1. Der braune Fuchs springt über dem faulen Hund- omsett til fransk:
2. Le renard brun saute sur le chien putréfié - omsett tilbake til tysk:
3. Der braune Fuchs springt auf den verfaulten Hund - omsett til fransk igjen, osv.:
4. Le renard brun saute sur le chien verfaulten
5. Der braune Fuchs springt auf den Hund verfaulten
6. Le renard brun saute verfaulten sur le chien
7. Der braune Fuchs springt verfaulten auf den Hund
og endeleg tilbake til engelsk:
8. The brown fox jumps putrefied on the dog
Putrefied on the dog? Gløym no ein augneblink at dette er ei meiningslaus frase, og se føre deg at dette er ein hissig krangel om landegrenser. Katastrofalt. "Sa De Putrefied, Churchill? Jeg skal gi Dem Putrefied, skal jeg!"
Hugs at Tyskland, Frankrike og England er land som står kvarandre nær, i alle høve språkleg, men også geografisk. Kva skjer då viss vi koblar inn Russland, som jo også blei kobla inn under den andre verdskrigen? Eg omsette den siste frasa, nummer 8, til russisk, og så tilbake til engelsk, og fekk dette resultatet:
"Brown fox skips after it it is rotted on the dog."
Heile situasjonen er altså heilt ute av kontroll, og det er nokså nærliggjande å slutte at denne språklege forvirringa kan ha forverra heile verdskrigen. Her kan alt skje: Sett at også Italia blandar seg inn, og vi omset denne frasa til italiensk og tilbake til engelsk. Resultatet blir:
"The vixen brown jumps after that it decomposes itself on the dog."
Kven har sagt noe som helst om ei revetispe, alternativt ei brunleg hissig dame, og kvifor vil ho dekompostere seg sjølv oppå ein hund? Går det i det heile an å dekompostere seg sjølv? Kan brune damer gjere slikt heilt utan vidare?
Eg har i alle høve funne ut at det ikkje er det minste rart at det er krig i verda.
Koss akademia blei til: Dei feite, fargeblinde, late og nærsynte
Thursday 30 March 2006
Kategori: PermalinkEg trur eg har funne svaret på eit spørsmål overraskande få har stilt seg: Koss hadde det seg at vi byrja å interessere oss for akademiske disiplinar? Korleis og kvifor oppstod eigentleg dei første akademia?
Eg trur det er tøv at vi tidleg byrja å gruble på kven vi er og kor vi kom frå. Det har eigentleg aldri brydd oss. Vi har derimot alltid prøvd å forenkle alt rundt oss, og slik byrja vi å samle og byte, og slik fann vi opp hjulet. Det har ingenting med dei store spørsmåla i livet men alt med kor lite vi treng å røre på oss å gjere. Kor mykje får eg igjen for minimal innsats, med andre ord. Der også derfor ekteksapet har stått seg som ein solid institusjon i dei patriarkalske samfunna, og først no, som kvinnene kjem til, er i ferd med å rakne: Vi menn har halde ut med de kvinner av di det har vore enklast for oss slik; ein ordna heim og alltid varm mat på bordet, og noen som kan fortelje oss at vi er best.
Mannen har på si side alltid vore den som har vore ute i skogen og på slettene på jakt etter mat. Og i tusenvis av år har den naturlege genetiske seleksjonen silt ut ei bestemt gruppe: Dei feite, fargeblinde, late og nærsynte mennene (FFLN-mennene). For kva skulle vel vi (for eg høyrer heime her) gjere på steppene, som ikkje greier å skilje ei eik frå ein giraff? Vi er i utgangspunktet genetisk overflødige, og i lange tider greidde naturen å halde oss nede. Kva økosystem har vel bruk for ein som ikkje ser ei frådande okse i vill fart på veg mot seg sjølv, og om han hadde sett det ikkje hadde orka å flytte seg?
Svaret er jo sjølvsagt det akademiske økosystemet, som blei funne opp av, nettopp, FFLN. Ein eller annan gong, på eitt eller anna tidspunkt, resonnerte ein FFLN slik:
"Nei, helsike, eg må rettferdiggjere min eksistens. Eg gjer jo ikkje anna enn å sitje på ræva mi og utstøyte rare lydar. Slik kan det ikkje vere.
(Gryntar misnøgd medan han strekk svevnen or kroppen, stikk handa under skinnfellen og klør seg på testiklane: 'Øøøø!!!' 'Nnggh!!!' )
"Men, hei, kva er det som skil lyden 'øøøø' frå 'nnngh'? Det kan eg jo prøve å finne ut av!"
Og dermed var lingvistikken fødd. Fleire kom til, og resten er historie: I tusenvis av år har feite, fargeblinde, late og nærsynte menn sete på baken sin og studert til dømes skilnadene mellom konsonantar og vokalar, og gjort det til noe viktigare enn å skaffe mat og dyrke jord.
Dette handlar altså ikkje om å vere nyfiken på livet, døden, havet, Gud og kjærleiken, men om å unngå stress, og det løgne er jo at vi har innbilt heile kulturar at det er viktig.
Å ta ein spansk ein
Monday 16 January 2006
Kategori: PermalinkDette uttrykket rekna eg med stamma frå ei kvardagsrasistisk haldning til spanjolar som eit folkeferd som liker å ta snarvegar, å snike seg unna, eller liknande. Men alltid frampå Sylfest Lomheim kan fortelje meg at det ikkje er slik.
"Å ta ein spansk ein" er eit uttrykk som stammar frå kjønnslivet til sjømenn, på veg heim frå Sørishavet via Spania. For å sitere Lomheim: "'Å ta en spansk en' innebærer å oppnå orgasme ved å gni kjønnsorganet mellom brystene til den prostituerte, noe som var billigere enn vanlig samleie (...)." Prisen var altså avgjerande her, men også det at sjøfolka ikkje ville ta med seg smitte heim.
Og eg som er sambuar med ei som er halvt spansk.
Valley Talk
Friday 13 January 2006
Kategori: PermalinkKven representerer dei desidert største kreftene i det engelske språket i dag? Tenåringsjentene. Fenomenet "Valley Girl-speak" breiar seg, og ikkje berre i fødelandet USA, mellom tenåringsjentene der. Kva er Valley Girl-speak"? Ei lita forklåring finn du
her, men kort forklåra er det uttrykk (slang) og endringar i tonefall og fraser vanleg blant unge jenter (med utgangspunkt i California, derav "Valley"). Du veit, alle "as if" og "like" strødd rundt i språket, og det stigande tonefallet mot slutten av setningar, og ei heil rekkje (til dels nyskapande og kreative) ord og fraser:
Muffin Top (fettlaget som heng over buksene, godt synleg når jenta brukar korte toppar),
Whale Tail (g-streng-truse som er synleg over bukselinningen),
Prostitot (jente med utfordrande klesstil), med meir.
"Valley Girl-speak" spreier seg til resten av verda, der engelsk fungerer, både som førstespråk og som framandspråk. I Noreg får vi dette mellom anna via TV-seriar som
Buffy the Vampire Slayer, i tillegg til ein haug fjortisfilmar (
American Pie, til dømes).
Jentene er meir produktive og tilpasningsdyktige enn gutane, og språket deira har altså kryssa kontinent (og sikkert også kjønns- og aldersgrenser), og byrja å feste seg i ulike typar engelsk over heile verda.