Ser videoen til Röyksopp,
What Else Is There, på NRK2.
Musikalsk høyrer eg heime i
ein nokså analog tradisjon. Likevel synest eg mellom andre Röyksopp og ei rekkje andre band (? kva skal ein elles kalle desse to -- ein duo er liksom litt bryllaups-aktig) som har oppstått i kjølvannet av, eller som følgje av, digitale musikkinstrument peikar i ei veldig interessant retning. (Röyksopp er kan hende det minst opplagte dømet her, men pytt.) Det er veldig lite som bind
What Else ... saman med mykje av det førre RS har gjort, og dette snur mykje av tenkjinga kring marknad og sjanger på hovudet: Röyksopp snakkar ikkje til dei same frå plate til plate; eg kan godt mislike det dei putla på med då dei debuterte og likevel høyre på
What Else... Dei står fritt til å lage instrumental elektronika eller vokal pop, og til å bruke ulike vokalistar alt etter preg. I staden for at dei rettar seg etter ein forventa sjanger, rettar vi oss etter det dei lagar, altså nærast omvendt. Ideelt sett kan dei høyrest heilt ulike ut for kvar singel, og singlane/platene kan slå ulikt ned i ulike segment. No vil det nok ikkje vere heilt slik i røynda, men kan hende til ein viss grad.
Framleis følgjer Röyksopp, i alle høve i dei fleste av låtane deira, ei tradisjonell lineær oppbygging, slik vi høyrer det i all kommersiell pop. Slik sett skil dei seg frå dei litt meir romlege, ikkje-lineære, sjangrane (trance, jungle, osv). Likevel er dei uforskamma i å hente klangbilder frå ulike sjangrar, og alluderer til vidt ulike artistar, epoker og verdsdelar. Röyksopp er ein kombo av klang og songwriting. Og godaste Kate Havnevik (er det ikkje ho som syng på
What Else...?) passar perfekt, akkurat no.
The Beatles laga i si tid ikkje berre gode pop-låtar, dei utfordra også innspelingsteknologien. Abbey Road-teknikarar som Geoff Emerick fann opp teknikkar som no blir tatt for gitt. Beatles var mellom dei første som bana veg for ei rekkje nye uttrykk, som til dømes å legge stille vokal over eit bråkete lydspor, som dei gjer på
Strawberry Fields. Det kan vel knapt overvurderast kva dette fekk å seie for andre artistar, som til dømes Jimi Hendrix, eller ulike Motown-innspelingar. Elvis Costello har skrive ein god artikkel om dette i
Rolling Stone, som eg i farta ikkje finn lenka til.
Fleire artistar i dag -- Röyksopp er berre eitt døme, og langt frå det beste -- nyttar teknologien på tilsvarande nye måtar, til å skape nye uttrykk og uttrykk på nye måtar. Dei av musikarane som ikkje grin over deling av musikk over digitale nettverk vil også finne nye måtar å distribuere musikk på, fjernt frå gamle kanalar og metodar.
Oppdatering: Eg antok at Karin Havnevik var vokalisten på
What Else... Dette er feil; ho som syng på denne låta heiter
Karin Dreijer, kjend frå The Knife.