Medier
The Long Tail
Trøysta for oss småbloggarar.
|
Nintendo DS og Brain Training
Eg fortel alle eg kjenner kor begeistra eg er for dottera mi sin Nintendo DS.
nintendo_ds_touch
Eg synest det er ein genial liten boks som tar dei berbare spelkonsollane eit godt steg vidare, med touch pad og mikrofon for talestyring, med meir. Denne artikkelen fortel om ein ny trend som har funne heim på DS-plattforma: Brain Training -- spel som øver opp ulike ferdigheiter. Eller er det spel? Kor går grensene her?

Uansett: mykje kjekt i vente på DS-plattforma. Og, ja: Det er kjekt å kunne blåse såpebobler til hunden din i Nintendogs og faktisk måtte fysisk blåse boblene, ikkje trykke på ein knapp. Det synest i alle høve dottera mi.
|
Nye virustrendar
Dersom du er plaga med virus på maskina di, bidrar eg med glede til meir angst. Ein artikkel i N24 peiker for det første på at 2005 har vore eit rekordår for virus "och andra elaka program." Ikkje overraskande. Verre er det at trenden snur i retning av utpressing og økonomisk svindel-- pengane styrer utviklinga.

Før fekk vi gjerne virus via mail, og det handla om å beskytte seg mot synlege virus som gjorde tydeleg skade og vakte merksemd. No er trenden at virusa tener funksjonar som gjer det naudsynt å halde ein låg profil. Til dømes kan nokre av desse programma ta kontroll over maskiner for å sende spam, nytte harddisken din som lagringsmedium for barneporno eller bruke maskina i eit botnett. Eit slikt nett kan bestå av hundretusenvis av maskiner og nyttast til utpressing, til dømes ved å presse ein bestemt server i kne. Slike botnett kan dermed seljast til høgstbydande, og det ser også ut til at dette er ein forretningsidé som har tatt av i 2005.

Tenk på dét, neste gong du skal installere operativsystemmaskina di.
|
Opplysingar du får ved å google...
Her ser ein omtrent ikkje mosen for ugler: Eit søk på "tiananmen" i Google China og Google USA.

(Via Gaute.)
|
Chicken Little

chicken little

Lyden, stemmene, i ein animasjonsfilm (kva film som helst, for den saks skuld) er essensielt. Ikkje minst er dette tydeleg i genistreken Creature Comforts, nemnt tidlegare i denne bloggen, der nettopp stemmene forma figurane. I dag var eg saman med ungane og såg Chicken Little. Eg forstår ikkje dette heilt: I Ice Age hadde ein tydelegvis ein idé om kor dei ville med stemmene, og begrensa seg ikkje til Chat Noir-miljøet når dei fann folk. Stemmene i Chicken Little høyrest ut som ein kjedeleg og uengasjert Oslo-revy, om lag som ein episode av Mot i brøstet, med eit tillegg av ei og anna "fjollete" og "kreisi" mannleg falsettstemme.

Den middelmådige dans og drama-mafiaen i Oslo har no altså greidd å øydeleggje både Charlie og sjokoladefabrikken og Chicken Little. Og sikkert ein haug andre filmar som eg heldigivs har unngått i dubba versjon.

(For dei som skal se filmen, kan barneverset om Chicken Little (Høne Pøne) med fordel lesast, sidan det blir alludert, både i namn og hendingar, til denne (og til ei rekkje andre filmar, mind you: War of the Worlds, King Kong, etc.).)
|
Creature Comforts
Sikkert gamalt nytt for mange. Eg oppdaga diverre ikkje dette før nyleg, men dette utløyste eitt av dei største latterkicka eg har fått på lenge. Konseptet er enkelt: Ta opptak av mono- og dialogar av ulike menneske med størst muleg breidde i alder og talemål, og gje desse stemmene liv gjennom leire-animasjonar, i sprøe settingar. Heilt fantastisk, og du kjenner igjen stilen frå Aardman Animation (Wallace and Gromit tør vere kjent). Dei kallar det sjølv "mockumentary."

guide_dog_640x480

Klikk her, og vidare på menyvalet "Preview and Clips," og vel blant klyppa for ein smakebete. Alle er gode, men "Clowns and the Circus" er favoritten min her -- intervju med ei rekkje vanlege folk, der dei snakkar om kva dei liker og ikkje liker ved sirkuset, og nokre fantastiske leirefigurar som fyller stemmene heilt perfekt.
|
Hotel Caesar
I apatien etter fullført mastergrad (har gitt meg sjølv eit par-tre late veker) har eg følgd med på prøvene til nye skodespelarar i Hotel Caesar. Lat det vere sagt: Eg har aldri sett ei heil episode rett igjennom, så eg veit eigentleg ikkje om HC er dårleg eller bra. Eg er berre ikkje interessert.

Men reality-konseptet rundt auditionen til nye skodespelarar fekk eg med meg, som sagt i ei post-MA-juletåke (stress haust og mykje feit julemat). Og dermed sat eg i fella før eg visste kva som hadde hendt: Eg blei lurt til å følgje med på HC for å sjå koss det no eigentleg gjekk med desse ungdommane.

Så her sit eg, og irriterer meg over Scott, som verkeleg byrjar å oppføre seg psykopatisk. Dumme, dumme Scott.

Må gjenoppta livet mitt, ser eg.
|
Google Earth
har kome til Mac, om enn i ein tidleg beta. Denne fekk eg kloa i i natt, sjølv om eg har GE for PC på HP'en min.

Dette er stas. Eg er av den typen som kan spele dataspel berre for å bevege meg gjennom eit virtuelt landskap, og Google Earth tilbyr heile verda som tumleplass. Nokre av overflygingane er særs imponerande. Søk til dømes på Gibraltar, tilt bakover nokre grader slik at topografien blir tydeleg, og enjoy.
|
Linux 2
Ubuntu ser verkeleg ut til å vere eit bra system, reint sett vekk frå at det er styggare enn MacOS. Prøvde såvidt KDE-versjonen, Kubuntu, som, trass i eit finare brukargrensesnitt (marginalt finare, igrunn) ikkje verka fullt så gjennomført som Ubuntu. Alt ser uansett betre ut enn Windows. Eg er dessutan overraska over kor mykje god programvare Linux har.
|
Linux
Testar ut Ubuntu på PC-en. For det første likar eg idéen om delt kjeldekode og gratis programvare -- det er noe i den hacker-ideologien eg er svak for. Alle bør ha tilgang til god programvare, og det finst i bøttevis for Linux. For det andre er PC-en med Windows ein reinspikka risikosport, og Linux er ein tryggare variant av eit operativsystem. Eg sjekka PC-en min for virus no, og fann 20 infiserte filer. Ikkje veit eg om det er mykje, men det høyrest skremmande ut. Vi Mac-folk er ikkje vant med denslags.

Ubuntu er relativt lett å installere og å oppgradere, og funkar med berbare maskiner (i alle høve dei fleste). Eg har ein slags romantisk draum om at alle skal leve hand i hand i eit samfunn der alle har lik tilgang til kunnskap, og alle som får tilgang til informasjonsreiskapar som datamaskiner nyttar desse reiskapane til å dele kunnskap og røynsler, og til å kommunisere og vere glade. I solnedgangen. Linux, og særleg Ubuntu* passar inn i denne akk så naive draumen.

* Ubuntu tyder "humanity to others" på eit gammalt Afrikansk språk, ifølgje heimesida til Ubuntu. Dette høyrest jo alt for godt ut til å vere sant, og eg ser dei smilande eks-fattige borna foran meg, der dei klappar seg på mette magar medan dei gjer leksene sine på datamaskina. Men det er jo lov å ha eit snev av ideologi i seg, sjølv om eg vel representerer den kvalmande, rike minoriteten i verda.
|
12 sider
ut i eit førsteutkast av masteravhandlinga. Dette er frå i går til i dag (1820), og eg har ambisjonar om å få etablert eit førsteutkast i løpet av neste helg. Utkastet baserer seg sjølvsagt på ei godkjent ramme, og om lag 50 sider med notat til denne ramma, eller disposisjonen, i tillegg til tekstar eg har skrive om emnet tidlegare. Eg håper å lande ein plass mellom 80 og 100 sider.

Skriving er eit pirkearbeid, og eg er glad for dei gode hjelpemidla eg har. Rekkefølgja er ikkje prioritert:

1. Mac Powerbook 12" med ein ekstern 17" skjerm. LCD er så uendeleg mykje betre for auga enn dei gamle røyrskjermane. Maskina har ikkje hikka sidan eg fekk ho.
2. Nescafé Gull - Fyldig og aromatisk. Boks på boks, liter på liter. Eg er usannsynleg lei traktekaffi, og dette smakar for tida mykje betre.
3. Mellel tekstbehandlar og Bookends bibliografiprogramvare. Eg kan ikkje få rost Mellel godt nok, han går Word ein høg gang i den type arbeid som krev lange tekstar: Enormt god outliner, veldig kjapp, og tett integrert med Bookends. I tillegg ser han bra ut, og viktigast: Teksten ser bra ut (og her er det store skilpadder. Skilnader.)
3. Gigantar med store skuldrar.
|
Flock - enda på surfeparadigmet?
Eg har lasta ned ei utviklarutgåve av nettlesaren Flock. Flock tenkjer annleis når det gjeld tilgang til nettressursar, og fokuserer på noe som ser ut til å vere ein tendens, nemleg den sosiale bruken av nettet. Mellom anna er Flock tett integrert med sosial programvare som Flickr, del.ico.us, og ulike typar blogsoftware på nettet. Du lagrar favorittar på ein annan måte, og blir i det heile dytta i ein litt anna retning enn den retninga surfe-programvaren dytta.

Dette er ein interessant tendens, som kan hende er eit teikn på at vi ruslar i retning av Web 3.0. Eg veit i alle høve det at eg slepp alle nettlesarane eg no brukar rett i vasken i det Flock kjem i ein beta; enn så lenge risikerer ein for mykje til å stole heilt og fullt på Flock. Berre integreringa med del.icio.us gjer det nesten verdt det for meg.
|
Lesevanar
Eg skal på ingen måte legge skjul på at hovudet mitt for tida er fylt opp av tankar kring masteravhandlinga mi, som eg håper å levere før jul, og som eg jobbar med 48-8 denne haustferieveka. I tillegg har eg vore involvert i eit prosjekt på UiS som også skulle munne ut i ein tekst om ca. det same. Emnet er lesing av digitale tekstar, og eg prøver no om dagane å gjere greie for ein fornuftig teoretisk ståstad i forhold til teksten på eit slikt medium som til dømes Internett.

Verda er full av hypertekstteoriar, og eg har lest meg mett på påstandar om non-lineær og assosiativ lesing, og ein springande fragmentert lesekultur, og eg har sjølv lese mykje på skjerm, både frå nettsider og nedlasta dokument, og eg har også til ei kvar tid ein svær stabel med bøker framføre meg.

Det rare, som eg sjølv-observerte tidlegare i dag, er at eg les i papirbøkene mine på ein måte som minner meg om utidige påstandar om folks lesevanar på nettet. Eg er ikkje sikker på rekkefølgja her no, om eg har utvikla denne lesevanen som følgje av at eg har i årevis lest mykje frå skjerm, eller om eg alltid har lese slik, men berre blitt klår over det i lys av teoriar om og lesing på digitale medier. Men eg hoppar i alle høve nokså assosiativt og innhalds- eller tankestyrt mellom bøkene; les eg om kodeteoriar i semiotikken i ei bok, refererer eg til liknande kapittel, eller berre utdrag frå kapittel, om kodeteoriar til dømes hos Hall eller Eco.

Til dette formålet, å oppnå innsikt i eit bestemt emne, fungerer dette flott. Det føreset sjølvsagt at eg har i alle høve eit visst oversyn over fagfeltet, for bøkene eg hoppar mellom er strukturert som gradvise innføringar, ikkje referanseverk. Kan hende er dette eit teikn på at eg har funne meg strukturar som fungerer bra for meg kognitivt? Eller kan hende er det berre nok eit teikn på at eg er ustrukturert og rotete.

Må tenkje på dette medan eg tørkar opp kaffien eg sølte over tastaturet og to av bøkene.
|
Willy Wonka
Johnny Depp handlar definitivt ikkje berre om det visuelle, om gestar, utsjånad og det å vere til stades i eit bilde. Han, som alle andre, handlar også om det aurale, om lyd. Dette blir demonstrert til fulle i den norskdubba versjonen av Charlie og Sjokoladefabrikken som går på kino no om dagane. Kven det no er som har hatt regiansvaret for den norske voice-overen burde hatt seg eit år om igjen på Den Kongelige Norske Voiceoverskole. Gjennom heile filmen var det ein skjærande disharmoni mellom den norske stemma og Wonka-skikkelsen til Depp. Eg kunne ane, basert på gestar og uttrykk, kva Depp ville formidle av stemningar og kjensler, men den norske stemma sleit i ei heilt anna retning. Dette fekk Wonka til å verke som ein ekkel, pedofil galning med ein forlystelsespark designa av djupe, tragiske psykologiske årsaker, til dømes for å bøte på ein tapt barndom og for å lokke til seg smågutar, om lag slik flugene blir dregne til hestedriten og mannlege lærarar til skinnvesten.

Der den amerikanske versjonen har gjort eit forsøk på å lage ein Wonka som er litt ute av det, men samstundes heilt inne i det likevel, blir den norske versjonen ein einaste lang kommentar til Michael Jacksons liv. Vent til ungane kan engelsk, eller til dei har lært å lese undertekstar, og få med deg originalversjonen.
|