Fullstending meiningslaust
Idrett sett frå ein slitar sin ståstad
Monday 15 May 2006
Kategori: PermalinkDet ultimate stresset for meg, det som verkeleg toppar seg og gjer at ting blir seriøst pes, er det som blir kalla "cupvinnarcup." Ordet summerer opp all driten frå gymtimane, alle gongene eg måtte ut igjen på bana når eg endeleg trudde eg var bytt ut for godt, og alle dei fullstendig meiningslause springerundane i bana rundt ei fotballbane.
For: Tenk deg når du hadde stressa som ein galning for å vinne ein cup. Du gjekk runde på runde, og endeleg såg du lyset i enden av tunnellen, med halvanna liter Cola og pizza, langt vekk frå drittsekkar av fotballtrenarar og sur gymlukt og alle dei ekle fotball-kompisane dine. Kva skjedde då?
Jo, då skulle alle cupvinnarane samlast for å spele mot kvarandre. Ein cup for cupvinnarar - finst det eit større paradoks, og ein meir deprimerande tanke? Kva er då vitsen med å vinne ein cup, å slite seg igjennom kamp etter kamp etter kamp, viss alt du har i vente er ein ny cup? Her snakkar vi om eit invertert atletisk reinkarnasjonshelvete, der du etter å ha slete deg igjennom ein cup og trur du fortener kvile, blir fødd inn i ein ny cup.
Ein tryllekunstnar blir rana
Saturday 29 April 2006
Kategori: PermalinkMellom alle dei unyttige tinga eg har lurt på er kva ein tryllekunstnar gjer når han blir rana. I teorien burde det jo vere ei enkel sak å stikke neven i lomma og -- utan at ranarane ser dette -- vise at han ikkje har noe, medan lommeboka ligg skjult i ermet. Alternativt kan han trekkje fram ei kanin og prøve å overtyde tjuven om at dette er det einaste han har på seg.
Saka er at tryllekunstnaren David Copperfield (du veit, han som ser ut som han kunne heite Jeff og spele i en såpeserie) har demonstrert denne teorien. Copperfield (eller Kotkin som han eigentleg heiter) fekk nyleg ein svær pistol mot tinningen, om kvelden rett etter eit show, og blei beden om å tømme lommene sine. Copperfield vrengte lommene og demonstrerte at dei var heilt tomme, trass i at han hadde både pass, mobiltelefon og lommebok i dei same lommene.
Copperfield sjølv kallar dette "reverse pickpocketing." Eg er svært imponert.
(Heile historia finst
her.)
IQ-test
Tuesday 25 April 2006
Kategori: PermalinkTa denne på venene og kollegaene dine. Svært enkel, svært presis, og han bør føre med seg konsekvensar for tida du brukar saman med folk:
1. Løyser du Sudoku?
2. Har du noen gong dansa fugledansen?
3. Synest du Da Vinci-koden var ei bok du lærte noe av?
For kvart svar som er "ja" eller på andre måtar bekreftande, rettar du ein finger i veret, tre fingrar dersom svaret på spørsmål 3 er bekreftande.
Når testen er slutt tel du fingrane du har retta ut. Har du 3 eller fleire fingrar igjen, bør testpersonen ekskluderast frå din sosiale krins, familie, arbeidsplass, eller liknande.
Foppall
Tuesday 25 April 2006
Kategori: PermalinkEg har gjort noe svært merkeleg til å vere ein person av min kroppsfasong. Trass i at gravitasjonskreftene verkar meir på meg enn mange andre har eg gått hen og blitt foppalltrenar. Rett nok på Hinna 2 sitt jentelag (3.-klassingar) og rett nok berre 4.-assistent på treningane (eg set stort sett berre ut kjegler og samlar dei inn igjen etterpå

, men likevel. Eg går i treningsdrakt og ropar at dei må skyte ballen inn foran mål og slike fotball-rop, særleg på kampar mot andre lag. "Spring, din sekk, du har jo bein!" og "Se opp for den feite fjerdeklassingen bak deg!" og "Dommaren er ei hore" og slikt. Vel, eg tenkjer på slike kommentarar, sjølv om det som kjem ut er snillare. Eg har magesår og må ta det med ro.
Kva gjer ein ikkje for å vere eit godt førebilete.
Reklame 2: Kven veit kva om meg?
Monday 10 April 2006
Kategori: PermalinkOg medan eg er inne på dette med reklame: Eg får mail på mail frå ein som kallar seg Lionel Haney -- han må verkeleg ville meg noe. Haney skriv i ein veldig tilknappa og punktvis stil, på eit heller slett engelsk, og meldinga er kvar gong som følgjer:
-Sensattional revolution in medicine!
-Enlarge your penis up to 10 cm or up to 4 inches!
-It's herbal solution what hasn't side effect, but has 100% guaranted results!
-Don't lose your chance and but know wihtout doubts, you will be i`mpressed with results!
Han vil altså fortelje meg at ein sensasjonell medisinsk urte-revolusjon kan gje meg ein 10 cm lengre penis. No skal eg ikkje vere påtrengande intim og fortelje kva dette tyder i prosent for meg, men 10 cm auka penislengd er ganske mykje for dei aller fleste menn.
Men: Det som uroar meg er at eg samstundes får mail frå ein eller ei som kallar seg
Elmercyna. Mailane til
Elmercyna har anten tittelen "Lose those love handles" eller "Wanna fit into those jeans?"
Elmercyna har altså fått greie på at eg har lagt på meg i det siste.
Og det er no eg blir paranoid: Einkvan der ute på det store Internett har altså ei bestemt oppfatting av at eg er ein person som er feit
og har liten penis, og spreier rykter om dette til folk som Lionel Haney og Elmercyna. Då byrjar eg å lure: Er det ein vondsinna eks-kjærast som tar igjen for at eg har dumpa ho? Kva hadde ho eigentleg imot valkane mine og penisen min, og kvifor sa ho ingenting då vi var saman? Og kva skal eg gjere for å stoppe desse rykta?
Reklame
Monday 10 April 2006
Kategori: PermalinkFølgjande reklamebanner viste seg på ei (heilt uskuldig) nyheitsside eg sjekka ut frå maskina mi heime. Eg bur på Sandnes, og reklamen prøver heilt tydeleg å rette seg etter området eg er i ved å sniffe IP-adressa til datamaskina mi:

Eg veit ikkje heilt kor truverdig det er at nettstaden Passion har desse medlemmene i nærleiken av meg. Ta til dømes den nedste dama. Kva er sjansene for at ei 22 år gamal blondine som kallar seg "Ocean Girl" sit naken og ventar på meg i Øvre Oltedal, som det står?
Dei har jo ikkje eingong hav i Øvre Oltedal?
Og til LadyS64 frå Hognestad: Prøv noe anna enn krepp-sveis. Det funkar kan hende på odelsguten på nabogarden, men ikkje på meg.
Råd til lærarspirer
Friday 24 March 2006
Kategori: PermalinkDersom du har tenkt å bli lærar, har eg nokre tips som eg vil dele med deg her. Dette kan verke fordomsfullt, men det er berre noe du trur:
1. Viss du har datakunnskapar ut over lærarstandarden, må du for alt i verda ikkje røpe dette. Tut med dei ulvane du er med, og desse ulvane har ikkje greie på IKT. Lat altså som om du ikkje kan særleg. Viss ikkje, får du brått ansvaret for å svare på allslags tåpelege spørsmål, og du må kurse gamle damer med fargerike klede og høyre på dumme påstandar om at "det virket jo i går." Windows er for ei lærarinne som kjernefysikk er for oss andre.
2. Det same gjeld spesialpedagogikk: Hald det hemmeleg, med mindre du alt er over 50 og har kjøpt alle dei fargerike kleda dine på Design Forum. Då er sjansen stor for at du vil trivast med dette faget.
3. Viss du har klypt deg, kjøpt deg ei ny jakke eller på andre måtar alterert framtoninga di, og du blir møtt med "Å! For ei stilig jakke" eller liknande begeistra utrop på lærarrommet, veit du at du har feila grundig. Aldri ta imot råd frå damer som går med keramikkøyredobbar, barber deg på skallen og hiv jakka. Rykk tilbake til start.
4. Stol aldri på personar frå sørlandet som er tilsette i skuleverket. Dei vil deg berre vondt, som til dømes å frelse deg eller å samtale med deg om meiningslause diktanalysar. Høyrer du sørlandsmål i korridorane bør du søkje tilflukt på næraste toalett. Her kan det gjerast unnatak for bibliotekarar frå Arendal, for dei verkar greie.
5. Ta aldri imot litteraturtips frå norsklærarar. Dei les berre dei same gamle romanane som førelesaren på universitetet tygde for dei i si tid. Kven som helst av dei andre tilsette (rektor, kontor- eller vaskepersonalet) har betre greie på dette. Hugs: Nora er eit tøyte, og Garborg skriv betre enn Dei tre oppskrytte (Bjørnson, Kielland og Lie) til saman.
6. Du må aldri røpe noe som helst om arbeidstida di til personar som har andre yrker. Då vil alle se kor lite vi eigentleg jobbar, og helvete brakar laus; bunden arbeidstid, kortare feriar osv. Hald berre kjeft. Gjenta etter meg: Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån. Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån. Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån.
7. Skriv alle meldingar til medarbeidarar og administrasjon på nynorsk. Då trur folk at du er meir påliteleg, solid og staut enn du eigentleg er. Bruk altså fordommane til din fordel: Folk som skriv nynorsk er naive grovbrødtyggande bønder som berre tenkjer på Jesus og les Smørbukk.
8. Gutar som har studert på lærarhøgskulen er ikkje gutar lenger, for pedagogikken har forvandla dei til jenter (rett nok innelåst i ein gutekropp). Dette er eit velkjent fenomen som blir kalla "den pedagogiske transubstansasjonslæra." Desse gutoidane bør få tilgang til både herre- og dametoaletta. Lat dei få gråte i fred.
Fugleinfluensaen
Thursday 23 March 2006
Kategori: PermalinkFugleinfluensaen er ikkje det einaste trugsmålet mot kjuklingane i verda:

Ei ny og ukjent verd
Tuesday 07 February 2006
Kategori: PermalinkForskarar (så fint, dette, å kunne vise til "forskarar" utan vidare når det gjeld rare oppdagingar og påstandar) har funne det dei kallar
ei ny og ukjend verd i ein skog i Asia. Her har dei funne kjempeblomar, og fredelege dyr som ikkje viser frykt for mennesker. Eitt av dyra dei har funne kallar dei ein "oransjehodet honningspiser," og i tillegg har dei funne eit primitivt, eggleggjande pattedyr.
Til dette vil eg berre seie: Eg oppdagar annakvar helg nye og ukjende verder som pub-musikar. Eg treng ikkje reise lenger enn til Bryne før eg ser meir oppsiktsvekkjande døme på biologisk liv enn eggleggjande pattedyr. Like primitive er dei og, og ikkje berre manglar dei frykt for mennesker: Dei viser heller ikkje frykt for bratte trapper, bilar i stor fart, artsfeller som er 2 meter høgare og breiare enn dei, eller andre opplagt farlege ting. Eitt av dyra eg har oppdaga på Bryne vil eg kalle "kvinnelig bleket og oppklipt-hodet rusbrus-drikker," og dei er svært imøtekomande og venlege. Eg har ikkje tenkt å finne ut om dei legg egg eller ikkje, men etter lyden å døme er det heile tida rett før.
Så dette imponerer meg ikkje i det heile.
Ishockey
Thursday 26 January 2006
Kategori: PermalinkI dag har eg vore på min aller første ishockeykamp. Oilers (frå Stavanger) og Storhamar (frå ein annan plass) spelte mot kvarandre i kveld, og min spanske kvartdel fekk nokre billettar av ei venninne som er saman med ein av spelarane (Petteri Lotila).
Ein ishockeykamp får ein fotballkamp til å sjå ut som eit koseleg drag-show. Heile kampen var prega av eit hissig publikum, høg musikk og rakettar som fauk rett over hovudet ditt. Mitt. Problemet er ikkje at det ikkje er spennande, men at det er nesten umogleg å finne pucken. Ein ishockeykamp går over 3 omgangar, og eg brukte halvanna omgang på å finne pucken. Då eg fann han, omsider, blei det heile svært spennande.
Ein annan ting er at for kvar norske spelar er det 50 finske. Det er heilt greitt, eg har ingenting meir å utsetje på finnar enn på nordmenn, men eg har ei viss erfaring med desse finnane når dei drikk: Eitt av banda eg speler i har ukentlege jobbar på ein nattklubb der både Oilers og gjestande lag tar ut sigeren (eller tapet) etter endt kamp. Viss eg nokså uvitskapleg skal uttale meg om finnar og alkohol, og det skal eg, vil eg peike på følgjande: Dei finske fjernsynsteatra har i alle år gjeve utruleg presise skildringar av fulle finnar. Ein full finne vil ein av tre ting: a) gifte seg med deg; b) skjere deg opp med kniv, eller c) skjere seg sjølv opp med kniv. Ofte føreslår dei alt dette i løpet av ein kveld.
Etter ein av desse spelejobbane i haust hadde eg eit ublidt møte med Frisk Askers trenar, den lettare legendariske
Esa Tikkanen. Som du ser av namnet er han også finsk, og, heilt rett: Han ville skjere meg opp med kniv. Hadde eg venta litt til hadde han nok fridd, men eg tok ikkje sjansen på det. Eg mumla noe om Freud og hoppa inn i ein taxi før han og hirden hans fekk klørne i meg. Eg trur ikkje dei veit kven Freud er.
Men dette er på sida av poenget her. Poenget er at ishockey er kjekt, og eg trur faktisk eg skal få med meg ein kamp og to til i vinter.
Blondinevits
Monday 16 January 2006
Kategori: PermalinkNormalt ler eg ikkje av blondinevitsar, men
denne tar kaka (via Jørgen Arnors blogg).
(...)
Wednesday 11 January 2006
Kategori: PermalinkPass endeleg på å halde dere på matta. Eller tunga i den rette munnen. Ein veit aldri
kva dei galne jentene finn på. Uansett: Her vil eg på vegner av alle gutar utbringe eit klårt og tydeleg AU!
Jan Simonsen
Tuesday 06 December 2005
Kategori: PermalinkNormalt nyttar eg kontaktlinser, men når eg sit mykje framføre datamaskina, og med trynet nedi diverse bøker, er det greitt å nytte briller.
Eg har lenge ønska meg nye briller. Dei eg har no er for svake, og eg er både veldig nærsynt og veldig fargeblind. Eg skal med andre ord vere glad at eg ikkje er fødd i steinalderen. Eg greier mellom anna ikkje å skilje ein giraff frå ei bjørk; alle dyra i naturen går i eitt med vegetasjonen. Og utan linser eller briller på ser eg ikkje nevane mine viss eg strekk armane ut.
Problemet er at brillene mine er frå 1990. Det var om lag på denne tida Jan Simonsen kjøpte sine briller, trur eg, for dei er heilt like mine. No liknar ikkje Jan Simonsen og eg på kvarandre elles. Men i det eg tar på meg brillene, så er det som om ein eller annan transubstansasjon finn stad. Eg blir Jan Simonsen.
Så forfengeleg er eg at eg lever eit hemmeleg liv med desse brillene i kjellerstua mi, og berre der. Eg kan godt valse naken rundt i huset utan å bry meg om kva naboane meiner, men eg viser meg aldri med desse brillene. Dei gjer nytten medan eg les eller skriv, men eg har mareritt om kva som vil skje viss eg blir oppdaga av andre folk med brillene på.
No sit eg i kjellarstua og les, og eg kjenner at eg nesten er redd for koss eg kjem til å reagere når eg no skal på do, og må sjå meg sjølv i spegelen medan eg vaskar nevane. Eg kan ikkje ta av meg brillene, for då finn eg jo ikkje eingong nevane.
Brannmann Sam
Monday 05 December 2005
Kategori: PermalinkDottera mi, Åsne, er helten i nabolaget, og eg har verdas svartaste samvit.
Eg var ein liten tur i Stavanger laurdags kveld, for å ha lydsjekk til kveldens spelejobb. Åsne (8,5) likar godt å vere heime åleine nokre timar, så ho fekk lov til å sjå Snøkvit og dei kortvokste medan eg suste inn til byen. Tilfeldigvis (eller som eit frampeik?) rota vi oss før dette inn i ein samtale, der Åsne lurte på kva ho skulle gjere dersom det byrja å brenne, anten heime eller hos naboen. Ho har ein eller annan frykt for dette for tida. Eg forsikra ho sjølvsagt om at dette ikkje kom til å skje, at eg skulle vere vekke i ein time, men at dersom det skulle byrje å brenne, skulle ho springe til ein nabo. Igjen: slik skjer jo ikkje.
Midtveges i lydsjekken fekk eg ein telefon frå Åsne, oppløyst i snått og tårer. Medan ho sat i sofaen og såg film, såg ho tilfeldigvis gjenskinnet av flammar oppetter veggen til naboen. Ho skvatt opp, og surra fortvila rundt i huset, før ho pliktskuldig gjekk ut, låste døra og tok runden i nabolaget. Først til bestevenninna, som ikkje var heime. Deretter til ein nabo, som hadde ei defekt ringeklokke. Heldigvis kom ein annan nabo forbi, som oppdaga ei gråtande jente midt i gata, fortvila over at ingen var heime. Dei fekk ringt til brannvesenet (då hadde flammane alt nådd takmønet), full utrykning med politi og brannbil.
Bosspannet hadde tatt fyr, inntil veggen, og hadde det ikkje vore for Åsne, hadde nok heile huset stått i flammar. Særleg skremmande var det jo at store og sterke (store, i alle fall) pappa ikkje var heime. "Ser du, de' bjynne jo å brenna!" blei eg møtt med, då eg kom heim.
Kan jo ikkje argumentere mot hard evidence, empirisk bevisføring. Alle røykvarslarane fekk nytt batteri, og naboen held i skrivande stund på med å skrape opp plasten frå 3 smelta bosspann og ei takrenne frå inngangspartiet sitt.
* Oppdatering: Og alle naboane har kome med sjokolade til heltinna.
Fasan
Thursday 01 December 2005
Kategori: PermalinkHin dagen, medan eg køyrde ned frå haugen universitetet ligg på, måtte eg stå på bremsene for å unngå å køyre over ein fasan. Fasanen hadde heilt tydeleg kika seg både til høgre og venstre før han beslutta å krysse vegen, for han lét til å ha god tid, medan eg kom litt vel fort nedover. Men det var akkurat det han dreit i.
Fasan er visstnok god mat, og hadde eg tenkt litt kjappare, hadde eg -- berre ved å vri litt på rattet -- kome heim med fasansteik.
Ikkje sei at det ikkje kan bringe mat på bordet å studere ved eit universitet.
Apropos steinkast:
Wednesday 30 November 2005
Kategori: PermalinkKva seier det om oss som folk, når vi måler avstanden til naboen i steinkast?
Det byrjar å gå opp for meg kvifor mesteparten av den skriftlege litteraturen vi har i Noreg frå svartedauden fram til barokken og klassisismen er brevlitteratur som handlar om naboar som slår kvarandre i hel for å få fiskeretten i bekken oppi lia.
Søvn
Wednesday 19 October 2005
Kategori: PermalinkDet plagar meg at eg ligg bakpå i forhold til det eg har planlagt å gjere (masteravhandlinga, mellom anna), og har fundert litt på kor det går an å knipe inn for å få meir tid.
Eg trur nemleg vi lever i ein kultur som har opphøga søvn til noe religiøst. Vi legg jo oss ned og lukkar auga for alt rundt oss timesvis kvart einaste døger. Nokre påstår jamvel at dei treng nær innpå 8 timar søvn kvart døger, og det sjuke samfunnet vårt har bygd opp ein heilt industri rundt tempelet til denne religionen: Soverommet. Sjå rundt dykk — alle annonsane for sal på sengetøy, madrassar og senger, soveromstapet, jamvel for små ungar; perverst er det.
Eg har derfor bestemt meg for at søvn er ein oppskrytt kulturell konvensjon, ei bortskjemt motesak, ein masochistisk uting som får alt for stor oppslutning og som stel tid vekk frå aktivitetar som har mykje høgare verdi. På bakgrunn av dette skal eg noe i nærleiken av slutte å sove. Eg skal kvile føtene av og til, men ikkje heilt sove, og i alle høve ikkje meir enn nokre veldig få timar. Soving er ut.
Det er ikkje heilt det at eg angrar ...
Monday 17 October 2005
Kategori: Permalink... men eg innser altså at eg har vore med på å stemme fram ei regjering med ein finansminister som ikkje kan telje og ein kunnskapsminister frå eit parti som vil at elevane skal gå på skule for å lære å danse namnet sitt.
Nytt design
Sunday 09 October 2005
Kategori: PermalinkEg har oppdatert blog-softwaren, og det gamle designet mitt med den fine brua var vekke. Derfor nytt design.