Politikk
Hitler var inspirert av Ibsen
melder mellom anna NRK. Fleire av oss har jo lenge visst at det er Nora, med sine psykopatiske hersketeknikkar, impulsive beslutningsstrategiar og mangel på empati, som er leiaridealet for det tredje riket. Litt betenkeleg, vil nokre hevde, (men ikkje overraskande, vil atter andre hevde) at ho er eit kvinnefrigjeringsikon, og at kvinnefrigjeringa og Nazi-tyskland på dette viset har felles røter.

Det kan og vere at eg har for lite å gjere på i sommarvarmen.
|
For å vere litt konspirasjonsteoretisk - igjen
Slobodan Milosevic døydde på måndag laurdag, og det blir sagt at han døydde av naturlege årsaker på si eiga celle. For ei veke sidan døydde eit viktig vitne i saka mot Milosevic, serbaren Milan Babic. Han tok sitt eige liv. Skal tru om fleire reagerer på "naturlege årsaker" og "sjølvmord" i denne saka? Eller er eg paranoid no igjen?
|
Karikatur
For å skape litt balanse, tenkte eg å leite fram ein karikatur av Vebjørn Selbekk. Men eg fann ut at det ikkje var naudsynt. Berre sjå, mannen og tupéen hans er karikaturar av seg sjølv:

selbekk-725598
|
For å vere litt konspirasjonsteoretisk
Denne artikkelen (frå National Review -- jada, konservativt, men fri og bevare meg frå den einsidig unnfallande framstillinga frå venstresida her til lands) peikar på at karikaturane i Jyllandsposten vakte lite merksemd ut over Danmark før Abu Laban, ein 60 år gamal palestinsk imam busett i Danmark sidan 1993, tok teikningane med på ein turné til Midtausten, saman med ei rekkje karikaturar aldri publisert i danske medium. Desse karikaturane var også langt verre, til dømes viste dei Muhammed med grisetryne, eller i seksuell handling med ein hund. Slik greidde Abu Laban å hisse opp ei rekkje personar, altså dels på heilt feil grunnlag. Medan han har uttrykt seg nøgd med motstanden mot Danmark overfor arabiske medium, som TV-kanalen al Jazeera, har han felt tårer og fordømt boikotten mot danske varer i danske medium.

Kva er dette for ein fyr? Dansk presse (nærare bestemt DR) har i ein dokumentar avslørt at han har nær kontakt med terror-organisjonar, mellom anna som dansk omsetjar av Al Murabitoun, den offisielle publikasjonen til Gamaa Islamiyah, ein militant terrororganisasjon med band til al-Qaeda. I rolege København har Gamaa-leiarar, som mellom andre bin Ladens høgre hand, Ayman Al Zawahiri, kunne sleppe unna den lange armen til egyptisk lovverkt og etterretning, og vår mann i Danmark har altså jobba i dette miljøet.

Kva viser dette? Mellom anna, igjen, at det er ytterleggåande krefter som jobbar på tvers av tiltak som søkjer forståing og dialog. I Noreg har vi våre svin, og dei gøymer seg ikkje ein gong i ein skog, men bak omgrepet "ytringsfridom" i eit tøysete magasin for blåkristne.

Ein annan artikkel av ein annan journalist, men i det same magasinet (altså National Review), peiker på at det ikkje nødvendigvis er så klokt å publisere slike teikningar, sjølv om det definitivt er innanfor grensene til ytringsfridomen. I Europa har det stort sett vore pressa til høgre for midten som har trykt teikningane (og i blogosfæren er det blå-bloggarane som har vore først ute med det same), medan pressa til venstre for midten har vegra seg, og tona det multikulturelle flagget. Sjølv veit eg enno ikkje heilt kva eg skal tru er rett her, og sanninga ligg vel, som vanleg, ein eller annan plass midt imellom dei enkle polane.

Men, til det konspirasjonsteoretiske. Artikkelen stiller vidare følgjande spørsmål (oppbacka av denne artikkelen): Er det tilfeldigheiter at denne striden rasar no, som FNs tryggleiksråd skal handsame atomprogram-spørsmålet i Iran, og Danmark har den fellesnordiske plassen i tryggleiksrådet i 2005-6, med ei prominent rolle ("chairmanship of Counsil") i denne saka?

Go figure. Det må vere lov å spørje.

(Takk til Paal for lenkjer til artiklane. Keep'em coming)
|
Magazinet og islam
Like så betimeleg som det er å reagere på trugsmål om vald, er det betimeleg å stille spørsmål ved Magazinets motiv for å trykke Jyllandsposten-karikaturane. Anført av galningar som Ulf Ekman og Enevald Flåten bidrar Magazinet til ei utidig og ureflektert polarisering i religionsdebatten (eller kva det no er som blir debattert) som går. Denne artikkelen (blant mange andre Magazinet-artiklar) viser dette.

Det er vel berre historiske tilfeldigheiter som gjer at det ikkje er Ekman og Flåten som sprenger folk i fillebetar. Trist er det uansett at galningar i begge leirar får leggje lista for diskusjonen. Eg skjemst av at mediebildet frå norsk side er prega av det Nytt på nytt treffande omtala som ei kristen russeblekke.

Eg vurderte lenge å støtte VamPus' oppfordringar om å poste eit bilde av Muhammed, i solidaritet med alle som blir truga på livet. No har eg for så vidt gjort dette i ein tidlegare post, og eg synest ikkje Jyllandsposten har gjort noe gale. Men eg vil heller ikkje bli tatt til inntekt for norsk kristeleg ytre høgre, så eg står over.

|
Trugsmål
Magazinet-redaktøren Vebjørn Selbekk har no blitt truga så mykje at han tydeleg i frykt angrar på å ha trykt karikaturen av Muhammed frå Jyllandsposten, den norske ambassaden i Syria står i fyr og flamme, og det er tale om handelsboikott av mellom andre Noreg og Danmark. Og i Danmark byrjar no høgre-ekstreme med 0,5 cm. mellom augene å røre på seg.

Å beklage og uttrykke anger over å ha trykt Muhammed-kariktaturane er etter mitt skjønn heilt feil. Å trekkje grensene mellom politikk og religion kan vere svært vanskeleg når det gjeld Islam, og fleire av dei aktuelle Muhammed-karikaturane er politiske kommentarar, og (nokre vil hevde) gode sådanne. Mine verdiar er fullstendig på kollisjonskurs med ei verd som vil nekte kommentarar til og kritikk av eit styresett. Derfor må aldri trugsmål om vald for å teie kritikk og satire aksepterast. Tvert om burde fleire stille seg lojalt bak Jyllandsposten, og se på dette som ein kamp om ytringsfridom og demokrati.

Å lytte til (og forståWinking at ei rekkje muslimar kjenner seg tråkka på av slike teikningar er ein ting; dialogar og fredelege protestar er heilt fint. Men karikaturen av Muhammed med ein bombeforma turban blir merkeleg aktuell i det reaksjonen på karikaturen handlar om, nettopp, bomber i Allahs namn. Det triste her er at diskusjonen (eller kampen) blir overlatt til ekstemistar i båe leirar, og det er sjølvsagt viktig å presisere at den muslimske verda reiser seg og protesterer mot det valdelege bildet desse ekstremistane gjev av Islam. Likeeins kan det også stillast spørsmål ved Magazinets motiv for å trykke karikaturane. Slike diskusjonar druknar diverre i bråket, og hindrar Selbekk i å få den peparen han sannsynlegvis fortener. Likevel, pepar er noe anna enn drapstrugsmål.

At NRK har bestemt seg for ikkje å vise karikaturane er eit sjukdomsteikn og ei uforståeleg avgjerd, og viser ytterleggåane muslimar at det nyttar med trugsmål om terror og vald for å kneble folk. Eg fryktar følgjene av dette, som i Danmark, der nokre meiner at integrasjonsprosessen til muslimane i Danmark er sett tilbake med fleire år.
|
Eg har nådd heilt til Zabol, Iran
noe dette beviser:

Pasted Graphic 1

Reknar med at dei har kome til bloggen min via søkeord som "karikatur" og "Muhammed."
|
Kredibilitet og bilder
Ad striden om Muhammed-karikaturen: Cox & Forkum kommenterer eit aldri så lite "image"- problem:

Pasted Graphic
|
Karikatur av Muhammed
No står vi på dødslistene til ytterleggåande muslimar, saman med Danmark, etter vi har trykt kariktaturen av Muhammed som opprinneleg sto i Jyllandsposten.

Og ting tilspissar seg. Frå eit museum i Liverpool fann eg denne teikninga av Muhammed, der han likna på ein nærsynt kålåker-unge:

Muhammed
(Muhammed, ifølgje denne nettstaden)

No reknar eg med at både muséet og denne bloggen blir utsett for sjølvmordsbombarar.


|