Writely
er med dette tilrådd. Kjekt å sjå Web 2.0 i ei så nyttig drakt. Eg veit ikkje heilt om eg torer å sleppe meg laus med dei heilt store og viktige dokumenta, i alle høve så lenge internett-tilgangen (via Telenor) her i huset ser ut til å vere fullstendig randomisert. Men dette er ei bra utvikling. Eg er stadig på jakt etter løysingar som flyttar alt eg held på med på maskina ut på nettet. Veit ikkje kor klokt det er, men det er kult.

Oppdatering 9. mars: Writely er oppkjøpt av Google, så dette teiknar bra.
|