Chicken Little
Sunday 29 January 2006
Kategori: Permalink
Lyden, stemmene, i ein animasjonsfilm (kva film som helst, for den saks skuld) er essensielt. Ikkje minst er dette tydeleg i genistreken
Creature Comforts, nemnt tidlegare i denne bloggen, der nettopp stemmene forma figurane. I dag var eg saman med ungane og såg
Chicken Little. Eg forstår ikkje dette heilt: I
Ice Age hadde ein tydelegvis ein idé om kor dei ville med stemmene, og begrensa seg ikkje til Chat Noir-miljøet når dei fann folk. Stemmene i
Chicken Little høyrest ut som ein kjedeleg og uengasjert Oslo-revy, om lag som ein episode av
Mot i brøstet, med eit tillegg av ei og anna "fjollete" og "kreisi" mannleg falsettstemme.
Den middelmådige dans og drama-mafiaen i Oslo har no altså greidd å øydeleggje både
Charlie og sjokoladefabrikken og
Chicken Little. Og sikkert ein haug andre filmar som eg heldigivs har unngått i dubba versjon.
(For dei som skal se filmen, kan
barneverset om Chicken Little (Høne Pøne) med fordel lesast, sidan det blir alludert, både i namn og hendingar, til denne (og til ei rekkje andre filmar, mind you:
War of the Worlds, King Kong, etc.).)