Magazinet og islam
Monday 06 February 2006
Kategori: PermalinkLike så betimeleg som det er å reagere på trugsmål om vald, er det betimeleg å stille spørsmål ved
Magazinets motiv for å trykke Jyllandsposten-karikaturane. Anført av galningar som Ulf Ekman og Enevald Flåten bidrar Magazinet til ei utidig og ureflektert polarisering i religionsdebatten (eller kva det no er som blir debattert) som går.
Denne artikkelen (blant mange andre Magazinet-artiklar) viser dette.
Det er vel berre historiske tilfeldigheiter som gjer at det ikkje er Ekman og Flåten som sprenger folk i fillebetar. Trist er det uansett at galningar i begge leirar får leggje lista for diskusjonen. Eg skjemst av at mediebildet frå norsk side er prega av det
Nytt på nytt treffande omtala som ei kristen russeblekke.
Eg vurderte lenge å støtte
VamPus' oppfordringar om å poste eit bilde av Muhammed, i solidaritet med alle som blir truga på livet. No har eg for så vidt gjort dette i ein tidlegare post, og eg synest ikkje Jyllandsposten har gjort noe gale. Men eg vil heller ikkje bli tatt til inntekt for
norsk kristeleg ytre høgre, så eg står over.