Vekk med handskrifta
Handskrift er heilt unødvendig, og eg har lengta etter den dagen då vi vaknar opp og lurer på kva vi skal bruke desse blyantane til, anna enn å tygge på. Den dagen er nærare enn eg har håpa på, ifølgje den sjølvutnemnde og lett geriatriske digitalprofeten Howard Rheingold.

Dei mellom 15 og 24 nyttar visstnok handskrift berre i 5% av dei tilfella dei treng å kommunisere i skrift. Dette kallar eg framsteg.

Vi kan jo berre håpe at den same nedgangen i denne aldersgruppa gjere seg gjeldande i den munnlege kommunikasjonen.
|