Intime blondiner
Monday 01 May 2006
Kategori: PermalinkAltså.
Eg parkerer den rustne Volvoen min ved sida av ei bensinpumpe, fyller for 200 kroner, og spring inn for å betale, berre for å bli møtt av ei blondine som ser meg inn i augene, gliser og seier eit kvalmande "Hei! Velkommen!". Eg legg fort frå meg 200-lappen, ser ned og snur meg for å gå og håper at ho har gløymt heile meg. Og då kjenner eg augene hennar bak i skallen min igjen: "Takk! Ha en fin dag!"
Kva er det det går i? Skal alle plutseleg vere begeistra no? Eg er lei av å kjenne meg som ein open boks med Nugatti i ein barnehage kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell. Eller rettare: Eg er lei av å tenkje på at dei tilsette har fått streng beskjed om å behandle meg som ein open boks med Nugatti kvar gong eg kjøper meg ein tyggis på Shell.
Kjære Blonde-Berit: Neste gong du ser ein nesten 2 meter høg fyr i ein sølvgrå Volvo i butikken din - slepp deg laus! Stå fram og lat det skine igjennom at du har mensen om tre dagar, katten har gått frå deg og typen er overkøyrt. Frels meg frå nugattikjensla; glefs til meg når eg somlar med å telje opp alle femtiøringane for å betale pølsa og colaflaska, og fortel meg, gjerne med ein kombinasjon av ord og gestikulasjon, kor sinnsjukt irritert du er over at eg ikkje greier å bestemme meg for om eg skal ha rå eller steikt løk på.