Syngande politikarar
Tuesday 14 March 2006
Kategori: PermalinkHeilt sidan eg høyrte Valgerd Svarstad Haugland synge "La det swinge" på TV, har eg hatt store problem med å bli kvitt gjenklangen i hovudet mitt av norsk politikks styggaste songrøyst (i alle høve som eg har opplevd). Det er noe med KrF og artistisk sjølvtillit, for Dagfinn Høybråten har fleire gonger parodiert kollegaer, i tillegg til, som vi alle veit, Oluf, sterkt overtydd om at han faktisk har noe å fare med som imitator. (Tenk å parodiere parodien Oluf!) Kristen oppseding er altså skadeleg, og ikkje tilrådd. (At statsrådar frå AP også har vore frampå titt og ofte tel ikkje på same måten, for i Arbeiderpartiet er det jo ein kultur for song og politikk. Det veit eg, av di eg har vore medlem i Framfylkingen. Viss du ikkje veit kva Framfylkingen er, treng du ikkje bry deg.)
I Storbritannia er det likeeins. Her er
eit utval syngande politikarar som BBC har samla.