Akevitt
Tuesday 27 December 2005
Kategori: PermalinkAkevitt kallar fram valdsam og ukontrollert nysing hos meg. Eg synest det smakar godt, på ein litt pervers etterbarberingsvatn-måte, men eg må nyse 10 gonger for kvart lille sup. Det er ekstremt anstrengande, både for meg, nasa mi og alle rundt meg. Alle snakkar om pollen-sesongen, men eg trur vi er ei stor gruppe menneske som lir av dette litt mindre kjende syndromet.
Ferdig med mastergraden
Wednesday 14 December 2005
Kategori: Permalinki går. Litt tomt no når eg ikkje treng å sitje i 10 timar til dagen og skrive, men det skal bli godt med eit par vekers ferie.
Prøveførelesinga og møtet med eksamenskommisjonen var eit kick av dei sjeldne, og endå betre blei det då eg såg kva den eksterne sensoren, Jill Walker,
skreiv på bloggen sin same dagen. Å få eit slikt klapp på ryggen av ein så anerkjent litteraturforskar som Walker betyr svært mykje. Nesten slik at eg må klype meg i armen.
Eit spørsmål som opptok meg då eg var yngre
Monday 12 December 2005
Kategori: Permalinkvar kor eg kom ut viss eg gravde eit hol rett ned.
No går det altså an
å finne dette ut.Dette er skremmande
Sunday 11 December 2005
Kategori: PermalinkSom nemnt i nyheitene opnar Schengen-avtalen for å gje tilgang til alle personlege passopplysingar via Internett. Dette er no realisert for alle Schengen-landa, og eg fann mitt pass i denne databasen, med bilde. Dette er ei utvikling eg ikkje likar; sida er heilt utan passordvern, og mine private passopplysingar er fritt tilgjengeleg for alle.
Sjekk EU-databasen sjølv, og se. Google Earth
Sunday 11 December 2005
Kategori: Permalinkhar kome til Mac, om enn i ein tidleg beta. Denne fekk eg kloa i i natt, sjølv om eg har GE for PC på HP'en min.
Dette er stas. Eg er av den typen som kan spele dataspel berre for å bevege meg gjennom eit virtuelt landskap, og Google Earth tilbyr heile verda som tumleplass. Nokre av overflygingane er særs imponerande. Søk til dømes på Gibraltar, tilt bakover nokre grader slik at topografien blir tydeleg, og enjoy.
Og når det gjeld hund ...
Sunday 11 December 2005
Kategori: Permalink(jamfør posten under): Vi har nett blitt ein hund rikare i hushaldninga: Springer Spaniel-rakkaren Alvin. Alvin er ein jakthund (såkalla "working"-type), og er oppkalla etter
gitaristen i Ten Years After. Dette er stas, og mest for min spanske kvartdel (sidan min betre halvdel er halvt spansk), som er eit jaktmenneske, og treng slike hjelpemiddel.
Eg for min del meiner hund i jakt er juks, og kan følgjeleg sjåast på som doping.
Alvin betraktar verda rund seg som ein ustanseleg straum av utfordringar, som han av ein eller annan grunn må hoppe i, bokstavleg tala. Går eg ned trappa til kjellaren, er eg ei (bevegeleg) utfordring som han altså må hoppe i. Sjarmerande, men ikkje viss han brekk nakken.
Ingen veit kven som eigentleg skriv i denne bloggen
Sunday 11 December 2005
Kategori: PermalinkJohn Lennon
Thursday 08 December 2005
Kategori: PermalinkI dag, 8. desember, er det 25 år (HERREGUD som tida går) sidan John Lennon blei drepen i New York, av Mark Chapman. (Det var spikeren i kista til gutedraumen min, nemleg å få The Beatles til Høyanger, fødestaden min.)
I dette høvet er det verd å få med seg utsegna til den eine av gitaristane i The Margarets (Rune Berg eller Ante Giskeødegård), ifølgje P3:
"John Lennon har sannsynligvis inspirert mange musikere i Norge."
Oh, you bright little thing.
Dans
Wednesday 07 December 2005
Kategori: PermalinkEg er musiker, og på nokre av spelejobbane eg tar (eller må ta, for å få endane til å møtast) hender det at folk dansar. Desse jobbane er faktisk fornøyelege av di eg kan stå på ei scene ein meter over alle andre, og se på folk danse.
Eg har ei melding til dei av dykk som trur de ser rare ut når de dansar: De ser rare ut. Eg har også ei melding til dei av dykk som ikkje trur de ser rare ut når de dansar: De ser rare ut, de og.
Desse røynslene er den direkte årsaka til at eg sjølv ikkje dansar. Dei gongene eg har prøvd (anten av di det var den einaste tilnærmingsmåten til ei jente eg trudde eg kunne kome til å få gode kjensler for, eller av di eg av ein eller annan grunn trudde eg hadde noe på dansegolvet å gjere (eg brukar (sikkert) alt for mange (unødvendige (sjølv om dei ikkje kjennest unødvendige for meg)) parentesar)), har eg utan unnatak fått det bekrefta at eg er heilt hjelpelaus. Eg kjenner meg som ein flodhest på glasbrot, mother-of-Bambi-på-isen, heilt ute.
Og slik burde fleire kjenne det, og følgjeleg også kjenne si besøkelsestid på dansegolvet.
Grunnen til at eg nemner dette no, er at
Scott Adams tar opp dette i bloggen sin. Han meiner at hemmelegheita er rørslene du gjer med hoftene, og dristar seg til å gje ei innføring i koss du kan bli ein god dansar. Still deg opp framføre badespegelen, og prøv å danse, med og utan hofterørsler.
Eg gjorde dette nett no, stilte meg opp og bevegde hoftene mine. Men då eg hadde kome i seget, fått flowen og grooven, og såg opp for å sjå koss det såg ut i spegelen, blei det så alt for tydeleg for meg at eg hadde Jan Simonsen-brillene mine på meg, jamfør posten under. Eg les jo til eksamen!
Dermed datt sjølvtilliten min rett ned i kjellaren, og no kjem eg sannsynlegvis aldri til å danse igjen.
Jan Simonsen som vrikkar på hoftene, kor ekkelt er ikkje det?
Jan Simonsen
Tuesday 06 December 2005
Kategori: PermalinkNormalt nyttar eg kontaktlinser, men når eg sit mykje framføre datamaskina, og med trynet nedi diverse bøker, er det greitt å nytte briller.
Eg har lenge ønska meg nye briller. Dei eg har no er for svake, og eg er både veldig nærsynt og veldig fargeblind. Eg skal med andre ord vere glad at eg ikkje er fødd i steinalderen. Eg greier mellom anna ikkje å skilje ein giraff frå ei bjørk; alle dyra i naturen går i eitt med vegetasjonen. Og utan linser eller briller på ser eg ikkje nevane mine viss eg strekk armane ut.
Problemet er at brillene mine er frå 1990. Det var om lag på denne tida Jan Simonsen kjøpte sine briller, trur eg, for dei er heilt like mine. No liknar ikkje Jan Simonsen og eg på kvarandre elles. Men i det eg tar på meg brillene, så er det som om ein eller annan transubstansasjon finn stad. Eg blir Jan Simonsen.
Så forfengeleg er eg at eg lever eit hemmeleg liv med desse brillene i kjellerstua mi, og berre der. Eg kan godt valse naken rundt i huset utan å bry meg om kva naboane meiner, men eg viser meg aldri med desse brillene. Dei gjer nytten medan eg les eller skriv, men eg har mareritt om kva som vil skje viss eg blir oppdaga av andre folk med brillene på.
No sit eg i kjellarstua og les, og eg kjenner at eg nesten er redd for koss eg kjem til å reagere når eg no skal på do, og må sjå meg sjølv i spegelen medan eg vaskar nevane. Eg kan ikkje ta av meg brillene, for då finn eg jo ikkje eingong nevane.
Brannmann Sam
Monday 05 December 2005
Kategori: PermalinkDottera mi, Åsne, er helten i nabolaget, og eg har verdas svartaste samvit.
Eg var ein liten tur i Stavanger laurdags kveld, for å ha lydsjekk til kveldens spelejobb. Åsne (8,5) likar godt å vere heime åleine nokre timar, så ho fekk lov til å sjå Snøkvit og dei kortvokste medan eg suste inn til byen. Tilfeldigvis (eller som eit frampeik?) rota vi oss før dette inn i ein samtale, der Åsne lurte på kva ho skulle gjere dersom det byrja å brenne, anten heime eller hos naboen. Ho har ein eller annan frykt for dette for tida. Eg forsikra ho sjølvsagt om at dette ikkje kom til å skje, at eg skulle vere vekke i ein time, men at dersom det skulle byrje å brenne, skulle ho springe til ein nabo. Igjen: slik skjer jo ikkje.
Midtveges i lydsjekken fekk eg ein telefon frå Åsne, oppløyst i snått og tårer. Medan ho sat i sofaen og såg film, såg ho tilfeldigvis gjenskinnet av flammar oppetter veggen til naboen. Ho skvatt opp, og surra fortvila rundt i huset, før ho pliktskuldig gjekk ut, låste døra og tok runden i nabolaget. Først til bestevenninna, som ikkje var heime. Deretter til ein nabo, som hadde ei defekt ringeklokke. Heldigvis kom ein annan nabo forbi, som oppdaga ei gråtande jente midt i gata, fortvila over at ingen var heime. Dei fekk ringt til brannvesenet (då hadde flammane alt nådd takmønet), full utrykning med politi og brannbil.
Bosspannet hadde tatt fyr, inntil veggen, og hadde det ikkje vore for Åsne, hadde nok heile huset stått i flammar. Særleg skremmande var det jo at store og sterke (store, i alle fall) pappa ikkje var heime. "Ser du, de' bjynne jo å brenna!" blei eg møtt med, då eg kom heim.
Kan jo ikkje argumentere mot hard evidence, empirisk bevisføring. Alle røykvarslarane fekk nytt batteri, og naboen held i skrivande stund på med å skrape opp plasten frå 3 smelta bosspann og ei takrenne frå inngangspartiet sitt.
* Oppdatering: Og alle naboane har kome med sjokolade til heltinna.
Linux 2
Saturday 03 December 2005
Kategori: PermalinkUbuntu ser verkeleg ut til å vere eit bra system, reint sett vekk frå at det er styggare enn MacOS. Prøvde såvidt KDE-versjonen, Kubuntu, som, trass i eit finare brukargrensesnitt (marginalt finare, igrunn) ikkje verka fullt så gjennomført som Ubuntu. Alt ser uansett betre ut enn Windows. Eg er dessutan overraska over kor mykje god programvare Linux har.
Linux
Friday 02 December 2005
Kategori: PermalinkTestar ut
Ubuntu på PC-en. For det første likar eg idéen om delt kjeldekode og gratis programvare -- det er noe i den hacker-ideologien eg er svak for. Alle bør ha tilgang til god programvare, og det finst i bøttevis for Linux. For det andre er PC-en med Windows ein reinspikka risikosport, og Linux er ein tryggare variant av eit operativsystem. Eg sjekka PC-en min for virus no, og fann 20 infiserte filer. Ikkje veit eg om det er mykje, men det høyrest skremmande ut. Vi Mac-folk er ikkje vant med denslags.
Ubuntu er relativt lett å installere og å oppgradere, og funkar med berbare maskiner (i alle høve dei fleste). Eg har ein slags romantisk draum om at alle skal leve hand i hand i eit samfunn der alle har lik tilgang til kunnskap, og alle som får tilgang til informasjonsreiskapar som datamaskiner nyttar desse reiskapane til å dele kunnskap og røynsler, og til å kommunisere og vere glade. I solnedgangen. Linux, og særleg Ubuntu* passar inn i denne akk så naive draumen.
* Ubuntu tyder "humanity to others" på eit gammalt Afrikansk språk, ifølgje heimesida til Ubuntu. Dette høyrest jo alt for godt ut til å vere sant, og eg ser dei smilande eks-fattige borna foran meg, der dei klappar seg på mette magar medan dei gjer leksene sine på datamaskina. Men det er jo lov å ha eit snev av ideologi i seg, sjølv om eg vel representerer den kvalmande, rike minoriteten i verda.
Fasan
Thursday 01 December 2005
Kategori: PermalinkHin dagen, medan eg køyrde ned frå haugen universitetet ligg på, måtte eg stå på bremsene for å unngå å køyre over ein fasan. Fasanen hadde heilt tydeleg kika seg både til høgre og venstre før han beslutta å krysse vegen, for han lét til å ha god tid, medan eg kom litt vel fort nedover. Men det var akkurat det han dreit i.
Fasan er visstnok god mat, og hadde eg tenkt litt kjappare, hadde eg -- berre ved å vri litt på rattet -- kome heim med fasansteik.
Ikkje sei at det ikkje kan bringe mat på bordet å studere ved eit universitet.