Apropos steinkast:
Wednesday 30 November 2005
Kategori: PermalinkKva seier det om oss som folk, når vi måler avstanden til naboen i steinkast?
Det byrjar å gå opp for meg kvifor mesteparten av den skriftlege litteraturen vi har i Noreg frå svartedauden fram til barokken og klassisismen er brevlitteratur som handlar om naboar som slår kvarandre i hel for å få fiskeretten i bekken oppi lia.
Stones
Wednesday 30 November 2005
Kategori: Permalinkkjem til Bergen, og Bergen er berre eit steinkast vekke. Men eg held med Beatles, og gidd ikkje ta turen. Heia Beatles!
Viss Beatles kjem til Bergen, derimot, hiv eg meg på Flaggruta.
Men akk.
Breiband
Tuesday 29 November 2005
Kategori: PermalinkLyse har bestemt seg for å byggje ut det fiberoptiske nettet sitt her på haugen. Det tyder forhåpentlegvis eit evig farvel til Telenor, som aldri har greidd å halde oppe ei stabil internettlinje. Heller ikkje greier dei å svare på support-telefonen på under 40 minutt. Sjeldan opplever eg noe så provoserande som å måtte høyre på ei velmeinande Celine Dion i nær innpå ein time, medan eg ventar på ein velmeinande kundebehandlar som først må pine meg igjennom dei 20 obligatoriske spørsmåla.
Det som er irriterande, er at eg ikkje greier å oppretthalde aggresjonen eg bygg meg opp medan eg trallar til Celine Dion. Kundebehandlaren, stakkar, har jo ikkje gjort noe gale, og eg er ein vaskeekte papirtiger: Eg lover meg sjølv og alle rundt meg at eg verkeleg skal ta Generaloppgjeret med Telenor for kvar supportsamtale eg byrjar, men endar med å male som ein katt til dei venlege røystene. Eg veit ikkje om det er eit feigt eller forsonande trekk. Veldig lite sjarmerande, i alle fall.
No gler eg meg i alle høve til 4 Mbit/s. Og 20 TV-kanalar -- 16 meir enn eg noengong har hatt.
Om drøye to veker
Friday 25 November 2005
Kategori: Permalinkblir det altså ei prøveførelesing på UiS, med eit emne tilknytt masteroppgåva, og etter det skal eg møte eksamenskommisjonen og få dommen over oppgåva. Det er noe frykteleg med dette, som eg må prøve å hugse andsynes eigne elevar/studentar: Å leggje hovudet på blokka på denne måten og risikere å få grisebank er inga god kjensle, og det som har vore fagleg sjølvtillit i løpet av studietida, blir noe nervøst og stotrande.
Har vore hos rettleiaren min og lagt opp eit pensum til prøveførelesinga, og problemformuleringa får eg torsdag 29. november.
Oppsummering
Thursday 24 November 2005
Kategori: PermalinkEg har kome meg ut av Høybråten-tåka* eg var i rett før valet, og innser at eg har stemt fram ei forferdeleg regjering. Lat oss ta ei oppsummering så langt. Tre av dei umiddelbare bragdane:
- dei kjøpte ei strandlinje på 60 meter for 30 millionar kroner, og forsvarte ødslinga med at dei gjorde strandlinja tilgjengeleg for allmenheita. Samstundes tillet dei at ein skipsreiar frå Stavanger kjøper eitt av dei beste områda for tur, jakt og friluftsliv i Noreg, på Hardangervidda, slik at han kan setje opp eit gjerde rundt området og nippe til Cristal saman med dei tjukke venene sine.
- Øystein Djupedal uttalte at barnehagane var betre eigna til å oppdra ungane enn foreldra. Han har sjølvsagt prøvd å bortforklåre dette i ettertid, men det hjelp ikkje. Berre å seie dette som ein glipp er ille nok.
- dei opnar for at kva vidaregåande utdanning som helst skal opne for universitetsstudium, samstundes som dei fjernar kravet om eitt ekstra framandspråk. Dette er eg redd er berre eitt av fleire komande utspel som byggjer ned fleire gode Clemet-initiativ.
- dei vil innføre to timar i veka der alle elevane i grunn- og vidaregåande skular skal massere kvarandre, medan dei snakkar om kva som er vanskeleg inni seg sjølv.
Det siste punktet var ikkje heilt sant, men nesten.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere, men det trur eg er normalt for menn i 30-åra som brått oppdagar at dei umogleg kan vere sosialistar lenger.
* kven som helst kan bli alvorleg skremt når ein mann som ein må tru er ressurssterk prøver å underhalde andre folk med å etterlikne Oluf, og faktisk tru at han er løyen.
Dilberts far
Wednesday 23 November 2005
Kategori: Permalinkeller kva ein no skal kalle han,
har sin eigen blogg. Denne er verd å sjekke, om du likar Dilbert eller ikkje. Eg ler i alle fall av det han skriv.
Levert
Tuesday 22 November 2005
Kategori: PermalinkDet er det skumlaste eg har gjort på lenge -- å sende masteravhandlinga av garde til trykking... No gjeld det å ikkje se på oppgåva i det heile. Gjer eg det, oppdagar eg alle feila.
Men, men. Greitt å ha det gjort. 115 sider + litteraturliste.
Andeby
Monday 14 November 2005
Kategori: PermalinkI alt ståket kring fugleinfluensaen og kva som vil skje når trekkfuglane kjem tilbake: Er det noen som har tenkt på kva som vil skje med Andeby?
Veterinærar har jo gått ut med meldingar om å byggje tak over innhegningane til fuglande rundt om kring i Noreg. Men for eit arbeide å gjere dette over heile Andeby! Og Gåseby, for den saks skuld!?
Tenk på konsekvensane: Ikkje berre vil fleire gode vener risikere liv og helse; Guffen og B. M. Duck, Donald og Ole, Dole og Doffen. Langbein er jo trygg, det same er B-Gjengen. Skrue kan berre døy, det same gjeld fetter Anton. Men tenk på utfordringa Petter Smart blir stilt overfor:
Sjølv om Petter Smart greier å halde seg frisk, vil det vere katastrofalt for utviklinga i Andeby om dei to kråkene i tenkjehetta hans skulle bli sjuke!
Dette bekymrar meg sterkt.
Disken min
Tuesday 08 November 2005
Kategori: Permalinkhar altså kræsja, vil ikkje vise seg i det heile, og slepp ikkje ut eitt einaste av dokumenta mine. 14 dagar før innlevering av masteravhandlinga. Medan eg prøver alt av recovery-dingsar.
Harddisk-kræsj
Tuesday 08 November 2005
Kategori: PermalinkDette er ein serie spørsmål som godt kunne ha blitt ein song:
Kva er det alle fortel skrekkhistoriar om, når du fortel at du skriv hovudoppgåve?
JO! Harddisk-kræsj.
Kva er det du alltid ler av og tenkjer, haha, det hender aldri meg?
JO! Harddisk-kræsj.
Kva er det verste som kan skje når du har 14 dagar igjen til levering?
JO! Harddisk-kræsj.
Refreng:
Harddisk-kræsj, harddisk-kræsj, harddisk-kræsj, harddisk-kræsj, harddisk-kræsj, harddisk-kræsj, harddisk-kræsj, harddisk-kræsj,
Kva er det som gjer det endå verre som følgje av at du har masse litteratur og notat, i tillegg til rekneark med tal og grafar, og ulike kapittel og idear strødd rundt på harddisken, pluss sjølvsagt oppgåva på 120 sider liggjande på harddisken? (ikkje heilt logisk, den der.)
JO! HARDDISK-KRÆSJ!
Kva er det mest ironiske som kan hende ein som skriv om digitale tekstar og lesing på datamaskin?
JO! Harddisk kræsj.
Og særleg når disken var så korrupt at alle backupfilene også blei øydelagde, og ikkje kunne gjennvinnast?
JO! Harddisk-kræsj.
Refreng.
Kva er det som rettferdiggjer at katten til naboen må kokast til middag?
JO! Hard-disk-kræsj.
Osv osv osv.
Einspora
Thursday 03 November 2005
Kategori: PermalinkMed eit mogleg unnatak av hannhunden utanfor vindauget mitt her (som har flytta inn i hagen vår etter at tispa vår fekk løpetid) er eg det mest einspora pattedyret eg veit om. Årsaka er sjølvsagt at masteravhandlinga skal inn om snaue 3 veker.