Oct 2005
Ricola urtete
derimot, smakar godt. Berre pass på at du les "teskei" som "spiseskei" når du doserer.

Sambuaren min meiner at å drikke Ricola urtete er homo, medan eg meiner at det berre er eit teikn på at eg er i kontakt med kjenslene mine.
|
Kjeldsberg kaffi
smakar skont. I alle høve i pulverform.

Unngå.
|
(...) 2
Når det er sagt: Stadnamnet Nesoddtangen må vel kunne seiast å redefinere heile pleonasmebegrepet?

|
(...)
Kjenner meg litt anti her, trass i at eg har vore med på å bidra til dette, men denne var jo fin, då:

www.mareritt.no

|
Søppelsjangeren
Det er vanleg å gje stormar og orkanar kvinnenamn, og vinden som herja utanfor i natt kan vi til dømes kalle Kjellaug. Kjellaug velta alle søppelspanna i gata, ikkje fullt så dramatisk som dei vi les om i media, men likevel irriterande. Og turen opp gata i morgontimane var ein 250 meter lang tekst om helgeaktivitetane til alle naboane, som låg strødd utover. Restane, i alle høve. Av helgeaktivitetane, ikkje naboane.

No veit eg til dømes at den tjukke naboen vår kjøper rekene sine på Helgø, kastar unormalt store mengder dorullar og les Vi Menn. Slikt kan vere godt å klaske i bordet med når vi ein gong skal krangle om klypping av hekken.
|
1. skrapedag før jul
på Sandnes i dag. Fram med CD-cover-skrapene og full guffe på defrostaren, for no blir det berre vintrare og vintrare.
|
12 sider
ut i eit førsteutkast av masteravhandlinga. Dette er frå i går til i dag (1820), og eg har ambisjonar om å få etablert eit førsteutkast i løpet av neste helg. Utkastet baserer seg sjølvsagt på ei godkjent ramme, og om lag 50 sider med notat til denne ramma, eller disposisjonen, i tillegg til tekstar eg har skrive om emnet tidlegare. Eg håper å lande ein plass mellom 80 og 100 sider.

Skriving er eit pirkearbeid, og eg er glad for dei gode hjelpemidla eg har. Rekkefølgja er ikkje prioritert:

1. Mac Powerbook 12" med ein ekstern 17" skjerm. LCD er så uendeleg mykje betre for auga enn dei gamle røyrskjermane. Maskina har ikkje hikka sidan eg fekk ho.
2. Nescafé Gull - Fyldig og aromatisk. Boks på boks, liter på liter. Eg er usannsynleg lei traktekaffi, og dette smakar for tida mykje betre.
3. Mellel tekstbehandlar og Bookends bibliografiprogramvare. Eg kan ikkje få rost Mellel godt nok, han går Word ein høg gang i den type arbeid som krev lange tekstar: Enormt god outliner, veldig kjapp, og tett integrert med Bookends. I tillegg ser han bra ut, og viktigast: Teksten ser bra ut (og her er det store skilpadder. Skilnader.)
3. Gigantar med store skuldrar.
|
Flock - enda på surfeparadigmet?
Eg har lasta ned ei utviklarutgåve av nettlesaren Flock. Flock tenkjer annleis når det gjeld tilgang til nettressursar, og fokuserer på noe som ser ut til å vere ein tendens, nemleg den sosiale bruken av nettet. Mellom anna er Flock tett integrert med sosial programvare som Flickr, del.ico.us, og ulike typar blogsoftware på nettet. Du lagrar favorittar på ein annan måte, og blir i det heile dytta i ein litt anna retning enn den retninga surfe-programvaren dytta.

Dette er ein interessant tendens, som kan hende er eit teikn på at vi ruslar i retning av Web 3.0. Eg veit i alle høve det at eg slepp alle nettlesarane eg no brukar rett i vasken i det Flock kjem i ein beta; enn så lenge risikerer ein for mykje til å stole heilt og fullt på Flock. Berre integreringa med del.icio.us gjer det nesten verdt det for meg.
|
Den folkeopplysande Herreavdelingen
Sit du av og til i bilen din på veg inn på ein bensinstasjon og lurer på kva side bensinloket er? Det skjer heile tida med meg, dels av di eg ikkje hugsar slike ting, dels av di eg ofte byter bil (gamle vrak, finst ikkje interessert i slikt). Dette er tydelegvis noe fleire lurer på, for Herreavdelingen hadde eit lite innslag om dette, der ein lyttar gav svaret:

Sjekk kva side av panelet bensinmålaren er på. Bensinloket er på den same sida som bensinmålaren.

Genialt. Eg har ikkje empirisk grunnlag til å finne ut om dette stemmer, men det stemmer på dei to bilane i hushaldinga vår.
|
Søvn
Det plagar meg at eg ligg bakpå i forhold til det eg har planlagt å gjere (masteravhandlinga, mellom anna), og har fundert litt på kor det går an å knipe inn for å få meir tid.

Eg trur nemleg vi lever i ein kultur som har opphøga søvn til noe religiøst. Vi legg jo oss ned og lukkar auga for alt rundt oss timesvis kvart einaste døger. Nokre påstår jamvel at dei treng nær innpå 8 timar søvn kvart døger, og det sjuke samfunnet vårt har bygd opp ein heilt industri rundt tempelet til denne religionen: Soverommet. Sjå rundt dykk — alle annonsane for sal på sengetøy, madrassar og senger, soveromstapet, jamvel for små ungar; perverst er det.

Eg har derfor bestemt meg for at søvn er ein oppskrytt kulturell konvensjon, ei bortskjemt motesak, ein masochistisk uting som får alt for stor oppslutning og som stel tid vekk frå aktivitetar som har mykje høgare verdi. På bakgrunn av dette skal eg noe i nærleiken av slutte å sove. Eg skal kvile føtene av og til, men ikkje heilt sove, og i alle høve ikkje meir enn nokre veldig få timar. Soving er ut.
|
Det er ikkje heilt det at eg angrar ...
... men eg innser altså at eg har vore med på å stemme fram ei regjering med ein finansminister som ikkje kan telje og ein kunnskapsminister frå eit parti som vil at elevane skal gå på skule for å lære å danse namnet sitt.
|
Det sjette bodet
Eg veit ikkje om det er av di eg er nummen i hovudet av å jobbe med tekstar, eller om eg berre er generelt nummen i hovudet, men eg er ei skikkeleg mediehore:

Det skal ikkje meir til enn eit reklamebilde av to personar i smilande passiar rundt ei datamaskin for å få meg til å tru at eg blir lukkeleg av å eige akkurat den datamaskina.

Kva gir du meg.
|
Lesevanar
Eg skal på ingen måte legge skjul på at hovudet mitt for tida er fylt opp av tankar kring masteravhandlinga mi, som eg håper å levere før jul, og som eg jobbar med 48-8 denne haustferieveka. I tillegg har eg vore involvert i eit prosjekt på UiS som også skulle munne ut i ein tekst om ca. det same. Emnet er lesing av digitale tekstar, og eg prøver no om dagane å gjere greie for ein fornuftig teoretisk ståstad i forhold til teksten på eit slikt medium som til dømes Internett.

Verda er full av hypertekstteoriar, og eg har lest meg mett på påstandar om non-lineær og assosiativ lesing, og ein springande fragmentert lesekultur, og eg har sjølv lese mykje på skjerm, både frå nettsider og nedlasta dokument, og eg har også til ei kvar tid ein svær stabel med bøker framføre meg.

Det rare, som eg sjølv-observerte tidlegare i dag, er at eg les i papirbøkene mine på ein måte som minner meg om utidige påstandar om folks lesevanar på nettet. Eg er ikkje sikker på rekkefølgja her no, om eg har utvikla denne lesevanen som følgje av at eg har i årevis lest mykje frå skjerm, eller om eg alltid har lese slik, men berre blitt klår over det i lys av teoriar om og lesing på digitale medier. Men eg hoppar i alle høve nokså assosiativt og innhalds- eller tankestyrt mellom bøkene; les eg om kodeteoriar i semiotikken i ei bok, refererer eg til liknande kapittel, eller berre utdrag frå kapittel, om kodeteoriar til dømes hos Hall eller Eco.

Til dette formålet, å oppnå innsikt i eit bestemt emne, fungerer dette flott. Det føreset sjølvsagt at eg har i alle høve eit visst oversyn over fagfeltet, for bøkene eg hoppar mellom er strukturert som gradvise innføringar, ikkje referanseverk. Kan hende er dette eit teikn på at eg har funne meg strukturar som fungerer bra for meg kognitivt? Eller kan hende er det berre nok eit teikn på at eg er ustrukturert og rotete.

Må tenkje på dette medan eg tørkar opp kaffien eg sølte over tastaturet og to av bøkene.
|
Willy Wonka
Johnny Depp handlar definitivt ikkje berre om det visuelle, om gestar, utsjånad og det å vere til stades i eit bilde. Han, som alle andre, handlar også om det aurale, om lyd. Dette blir demonstrert til fulle i den norskdubba versjonen av Charlie og Sjokoladefabrikken som går på kino no om dagane. Kven det no er som har hatt regiansvaret for den norske voice-overen burde hatt seg eit år om igjen på Den Kongelige Norske Voiceoverskole. Gjennom heile filmen var det ein skjærande disharmoni mellom den norske stemma og Wonka-skikkelsen til Depp. Eg kunne ane, basert på gestar og uttrykk, kva Depp ville formidle av stemningar og kjensler, men den norske stemma sleit i ei heilt anna retning. Dette fekk Wonka til å verke som ein ekkel, pedofil galning med ein forlystelsespark designa av djupe, tragiske psykologiske årsaker, til dømes for å bøte på ein tapt barndom og for å lokke til seg smågutar, om lag slik flugene blir dregne til hestedriten og mannlege lærarar til skinnvesten.

Der den amerikanske versjonen har gjort eit forsøk på å lage ein Wonka som er litt ute av det, men samstundes heilt inne i det likevel, blir den norske versjonen ein einaste lang kommentar til Michael Jacksons liv. Vent til ungane kan engelsk, eller til dei har lært å lese undertekstar, og få med deg originalversjonen.
|
Nytt design
Eg har oppdatert blog-softwaren, og det gamle designet mitt med den fine brua var vekke. Derfor nytt design.
|
Gratla!
til dr. Uppe (høyrest litt Ragnar Hovland møter Kari Fossum ut) med gjennomført disputas! Det høyrer også med til historia at komplimenta hagla i etterkant, også frå meiningsbrytarar (som her på bruket (UiS) gjerne protesterer høglydt mot tankar som bryt med det eksisterande paradigmet).

Eg lenkjer også til bloggen hans, med ønske om at han no held fram med sine for seint tenkte tankar.
|
Skyttarlag
Eg var i bryllaup i helga, og bryllaupsfesten blei halden utanfor Bergen i eit lokale tilhøyrande Åsane/Hordvik skyttarlag. Eg lærte følgjande om skyttarlag denne laurdagen:

1. Dei samlast for å skyte.
2. Dei disponerer store skytebaner ute i naturen.
3. Dei disponerer svære hus med kjøken, toalett, festsalar og garderobar, rett ved sida av skytebana si. Kva dei nyttar desse lokala til, utanom å leige dei ut til bryllaup, forstår eg ikkje. Eg har aldri høyrt om ein einaste skytefest. Finst det noe slikt som ein skytefest? Kva gjer ein på skytefest (for det er jo unaturleg å ete, drikke og skyte på ein og same kveld, her til lands, i alle fall)?

Eg synest det er noe rart med heile opplegget. Og akkurat då eg sat og undra meg over kven i alle dagar som kjem på idéen med eit skyttarlag, såg eg i emblemet for Åsane/Hordvik skyttarlag årstalet for skipinga av skyttarlaget: Dei starta i 1945.

Det heile gjekk opp for meg: Noen har ergra seg over at krigen slutta, og tenkt "helsike, vi får vel ikkje skyte meir no, då?" Ein annan har svara: "Det er ikkje noe problem, vi lagar berre eit skyttarlag." Og slik gjekk det til:
- "Kva er eit skyttarlag?"
- "Ingenting spesielt, vi berre samlar våpna våre, og så skyt vi. Vi må jo få skyte!? Det er for faen ikkje vår feil at krigen er over!"
- "Ja! Genialt! Og så lagar vi eit hus der, ved sida av skytebana, og så held vi skytefestar!"
- "Å, ja! Skytefestar!"

Og slik blei til dømes Åsane/Hordvik skyttarlag til. Og der var eg i bryllaup laurdag. Koseleg.
|