Dagens overrasking...
Thursday 22 September 2005
Kategori: Permalink... må vel vere at Haakon Lie faktisk lever.
Berre les her. Eg trudde fyren tok kvelden for fleire år sidan, men så feil kan ein ta, sjølv som sosialdemokrat. Det hadde jamvel møtt opp 100 mann for å feire 400-årsdagen hans. Eller var det 400 som feira at han blei 100? Er sanneleg ikkje sikker. Men no har han altså til alt overmål skværa opp med Reiulf Steen.
Kjekt det, lenge leve Haakon Lie! Særleg når han kjem med følgjande formaning til den påtroppande regjeringa:
"Norge svømmer i penger. I stedet for at alt settes inn i petroleumsfondet, bør det kanaliseres penger som utelukkende går til forskning og utvikling (...) Det siste jeg ønsker å se, er et Norge som lever av renter."Høyr, høyr. Gunnar Berge sa vel det stikk motsette for ei vekes tid sidan...
Blokkfløyte
Thursday 22 September 2005
Kategori: PermalinkDet har seg slik at eg har eit hemmeleg* grunnfag i musikk, og i det grunnfaget er det nokre vekttal med blokkfløytespel. (I tillegg har eg nokre vekttal med folkedans også, noe som må verke umåteleg komisk for dei som kjenner meg.)
I dag kom dottera mi på 8,8 heim med ei blokkfløyte og lekse i blokkfløytespel for første gong. Kvilenotar og løpenotar. Dette er underleg. I våre dagar kostar ein liten synth med 800 lydar om lag det same som ei blokkfløyte. Kvifor vel ein då å tvihalde på eit instrument som a) læt heilt grusomt, b) er motorisk tilnærma umuleg å få grepet (!) på før du er drittlei lydane instrumentet lagar, c) er umuleg å bruke til å spele låtar ungar i 2005 likar, og d) terroriserer eit heilt lite nabolag med dei gjennomtrengande lydane?
Det kan vere at instrumentet var den rette kombinasjonen av portabilitet, økonomi og pedagogikk på Carl Orffs tid. Men det kan umuleg vere slik i dag? Viss noen spør meg kva eg hugsar frå musikktimane, er svaret nokså enkelt: Blokkfløyta og Bob Dylan. Begge to har eg eit dårleg forhold til i dag.
*= at eg nektar å vedkjenne meg det i jobbsamanhengar. Eit grunnfag i musikk fører til dei rareste førespurnadene, alt frå kurs og undervising til akkompagnement på tilstellingar. Heilt uaktuelt.
The HitchBiker's Guide to Amsterdam
Monday 19 September 2005
Kategori: PermalinkEitt av særmerka ved Amsterdam er alle syklistane som fyk forbi; du har ikkje spasert lenge før du høyrer det plinge i ei bjølle bak deg og du må hoppe ut av sykkelstien du sannsynlegvis valsar i. Or veg, or veg. Amsterdammarane hiv jo gjerne ein unge og to oppi ein lasteboks framme på sykkelen og fraktar på denne måten dei små til og frå skule eller barnepass, noe som hadde fått barnevernet til å ta over omsorga for ungane på dagen her heime.
Den siste av dei 4 dagane eg var i Amsterdam førre veke blei eg litt lei av all traskinga, så eg manna meg opp og leigde meg ein sykkel (ein damesykkel for øvrig, som fort fekk dette med oppmanning til å verke latterleg). Ein ting er å vere ein driven syklist heime, noe heilt anna er det i denne byen. Sykkelen var ein klassisk Amsterdam-sykkel (akkurat som i Brelett-reklamen her heime), heilt fri for handbremser og gir og anna unødvendig, men utan stong, høgt styre og ei svær bjølle til å skremme folk med. I byrjinga gjekk det treigt, men etter nokre minutt suste eg sjølvsikkert i høg fart langs kanalane, med raude kinn og astmapust.
Skal eg igjen til Amsterdam, og det skal eg nok, er dette mitt nye framkomstmiddel. Gløym trikk og taxi, Amsterdam er jo flat som jorda før 1547 , breiddfull av sykkelstiar og lite trafikkerte vegar, og du kan anten lunke av garde eller suse fort. Som eg.
Kategoriar
Monday 19 September 2005
Kategori: PermalinkSiste halve veke har vore tilbrakt i Amsterdam, og den eine kvelden blei brukt på The Supper Club.Supper Club er ein slags konsept-restaurant; du ligg i lange sofaer, høg musikk, og 5-rettaren er fordelt over heile kvelden, frå åtte til ca eitt.
Mykje godt kan seiast om plassen, men noe av det mest kreative fann vi då vi gjekk på do. På toaletta var den tradisjonelle (og for så vidt ikkje heilt unaturlege) binære opposisjonen mann/kvinne oppløyst (eller dekonstruert, i postmoderne and?) og erstatta med eitt toalett for heterofile og eitt for homofile.
Unaturleg, eller unødvendig? Tja, ikkje for homsane.
Dagen derpå: Skulepolitikken dei neste åra
Tuesday 13 September 2005
Kategori: PermalinkTradisjonelt har skulefolket i Noreg valt venstresida i norsk politikk, og i år blir det sagt at AP og SV er skulefolkets parti. Sikkert sant. Det er derfor å vente at når Soria Moria-sesjonen er over, er ein skulepolitisk retning meisla ut saman med resten av programmet til regjeringa.
Sjølv om eg vel høyrer til i suppa av skulefolket reint politisk, lurer eg likevel på kva retning regjeringa Stoltenberg vil leggje opp til. Eg står skamlaust fram og synest mykje av Clemets skulepolitikk var rett, og like skamlaust gruar eg meg til å måtte høyre på SVs forslag til vatt-nisse-pedagogikk. Lat oss ikkje få ein skule der det å danse namnet sitt er viktigare enn å lære. Medan eg er i det skamlause hjørnet vil eg også ta avstand frå det grusomme kjensle-drama-paradigmet som har ridd (delar av) lærarutdanninga fram til no, i alle høve det eg kjenner til i lærarutdanninga. Og det er litt, både som student (rett nok grunnfagsstudent, saman med nokre som gjekk lærarutdanninga, i tillegg til den praktisk-pedagogiske utdanninga, tidlegare ped. sem.) og lærar (IT for lærarar, der eg underviste nokre 3. års-studentar, og blei rysta over både eitt og hitt).
Eg er glad for eit regjeringsbyte. Men skule- og forskingspolitikken er ein for viktig sak til at det blir ein trade-off for mitt vedkomande.
Håper magekjensla mi berre er thaimaten frå i går.
Nedlegging av Matvrak mot Høybråten
Tuesday 13 September 2005
Kategori: PermalinkEg registrerer at protestaksjonane mine, jamfør to postar under, har verka, og regjeringa er fjerna
Det er derfor eg — med glede i hjartet og feitt i arteriene — kunngjer oppløysinga av Matvrak mot Høybråten.
Takk, alle lojale støttespelarar: Vi kjempa ei god sak, og vann.
Kva skal eg stemme?
Monday 12 September 2005
Kategori: PermalinkEg skal stemme innan klokka 8, til liks med dei fleste andre, og eg veit ikkje heilt kva eg skal stemme. Derfor opnar eg for å gje vekk stemma mi. Meld frå kva eg skal stemme her. Viss ingen melder frå,slår eg mynt og kron, og mynt = Kystpartiet, kron = Abort-motstandernes liste. Trass i at eg er mot kysten og for abort. Eit reint protestval, med andre ord.
Den som fortel meg kva eg skal stemme og som greier å påverke meg, vinn ein spennande premie.
Matvrak mot Høybråten
Friday 09 September 2005
Kategori: PermalinkEg har grubla ei stund på kva eg kan gjere for å protestere mot helse-helvetet Dagfinn Høybråten legg opp til. Lenge hadde eg lyst til å lenke meg fast til McDonalds, men det hadde rett og slett vore litt flaut, og det kunne ha verka mot si hensikt. Det har liksom (paradoksalt nok) blitt ein tradisjon å lenke seg fast til noe du er imot, ikkje for, og eg er jo for McDonalds. I alle høve maten der. Eller, rettare: Næringsinnhaldet i maten der. Og kven skulle ha brydd seg om det hang noen fast i eit skilt utanfor?
Deretter prøvde eg å byrje å røyke. Eg hadde det som nyttårsforsett for to år sidan, men eg sprakk alt 3. nyttårsdag, og måtte slutte. Så der stod eg, opprådd for våpen og fortvila over manglande protestmiddel. Slik er det jo her i kjedelege Noreg. Eg kan jo ikkje henfalle til vald, heller, sjølv om fjeset til Høybråten skrik etter ein knyttneve.
Men i går gjorde eg det. Eg kjøpte ein halvliterboks med Piano vaniljekrem og åt opp heile boksen med ei skei, og det gjorde eg heilt åleine. Ein boks vaniljekrem, ei skei, ein mann. Eg kunne kjenne det klumpa seg deilig til rundt hjarterøtene.
Dette vil eg tilrå alle å gjere, dersom dei er imot Dagfinn Høybråten. Det var særs godt — ein verdig måte å protestere på når det no eingong var det eg skulle gjere, og det kjentest om lag slik eg innbiller meg det ville ha vore å svømt rundt med open munn i midten av ein svær skulebolle.
Der fekk han, dusten!
Eige domene...
Friday 09 September 2005
Kategori: Permalink... og sida kan bokmerkast og nåast med url'en www.virtuelvis.net
Plagsomme ting ved valet 1: Geriatric Park
Wednesday 07 September 2005
Kategori: PermalinkEg har lovt meg sjølv å ikkje nemne stortingsvalet i denne bloggen, og
det har eg alt brote. Så då kan eg likesågodt bryte løftet ein gong til. Det er to ting som plagar meg med valet denne hausten. Nøyaktig dei same to tinga plaga meg førre stortingsval, og come to think of it, valet før det og:
Eg trur det var Seinfeld som i ein eller annan episode fortvila over menneskearten, og kommenterte oss slik: Viss noen frå det ytste verdsrommet hadde tatt mål av seg å observere oss i 1 time for å danne seg eit inntrykk av oss, og tilfeldigvis då hadde observert ein mann på tur med hunden sin i ein park, hadde vi lege tynt an. For kva art er det vel som jobbar i tusenvis av år for å leggje under seg naturen og halde dyra i band, berre for å springe etter og plukke opp driten etter dei?
Dersom den same fyren frå verdsrommet hadde bestemt seg for å gjere seg opp ei meining om oss, og hadde slått på NRK eller TV2 i desse dagar, rett føre valet, hadde fyren trudd at kloten berre besto av pensjonistar. Det er om lag som å sitje på eit lærarrom på ein vidaregåande skule: Fullt av folk som snakkar geriatriske problemstillingar. Rullatorretorikk.
Dei av oss som framleis er litt unge, i alle høve halv-unge, får eit rart perspektiv på livet i slike omstende. Heime opplever vi ungane, dei som nett har byrja livet, og der dreier alt seg om å få i dei mat og skifte bleier, og få dei i søvn. Ete, drite og sove. Det rare, og nesten poetiske, hadde det ikkje vore for at det var litt ekkelt, er at det er akkurat det same det handlar om for dei eldre òg. Avføring, mat og søvn. Slik blir livet sirkla inn, og val-debattane blir ein kringkasta metafor over eksistensen vår her på jorda: SV med småbarnspolitikken, AP og FrP i skjøn foreining om dei eldre. Eting, driting og søvn — livets alfa og omega, byrjing og slutt.
Dette er det første som plagar meg, av di det er så deprimerande. Det andre som plagar meg i dette valet, plagar meg så mykje at eg er nøydd til å be om å få kome tilbake til det.
Helmer og Nora revisited
Tuesday 06 September 2005
Kategori: PermalinkEin liten oppfølgjar til posten lenger nede om Ibsen og tøytene han skriv om
(sånn ca nedi arkivet her ein plass). Eg snubla her ein dag tilfeldigvis over gravsteinen til Helmer, som jo døydde bitter og skild, og blei gravlagt i utkanten av ein gravplass i ei lita bygd i Noreg ein plass. Eg sneik meg til å ta eit bilde av gravsteinen med telefonen min. Vi anar eit hat som fulgte stakkaren i grava:

Om livsglede og sjølvdisiplin
Monday 05 September 2005
Kategori: PermalinkHadde eg, i møte med alt ein no møter i kvardagen, kunna vise fram ein mikroskopisk liten brøkdel av det engasjementet og livsgleda som Springer Spaniel-tispa vår gjer når eg hentar matfatet hennar for å fylle det opp med tørre bikkjebrikettar, då hadde mangt vore annleis. Eg må gje meg ende over: Heile ho går opp i ein høgare einskap med absolutt alt rundt seg, og livet får brått ei valdsam og intens meining. Alt kvar einaste celle i tispekroppen hennar noengong har lengta etter finn heim i dei 5 augneblinkane det tar meg å plukke opp matfatet, fylle det med hundemat, setje det på golvet og uttale dei magiske, eller i denne situasjonen beint fram poetiske, orda "versågod, spis".
Medan eg gjer klar maten og ho ventar på denne høgtidsstunda, sit ho og viser fram ein sjølvdisiplin som er like beundringsverdig som gleda. På den eine sida ser eg at ein skitten djevel kviskrar ho i det høgre, flokete hengeøyret: "Gje no faen i den drittsekken, han vil berre pine deg med å vente med versågod så lenge som muleg. Spring og et maten, han kan ikkje gjere deg noe likevel." I det andre øyret kviskrar ein kvitbleika hunde-engel med skinande glorie: "Sit no i ro, du veit kor høgt du elskar dette mennesket som gir deg mat, og du veit kor uendeleg snill han er som jobbar og slit dag ut og dag inn for å skaffe deg slike herremåltid. Vent no berre til han seier dei vedunderlege orda, slik berre han kan seie dei, vent no berre." I spenninga mellom engelen og demonen sit hunden og dirrar som ein tørketrommel.
Engelen vinn alltid.
Slike enkle kick i tilveret er det lenge eg har hatt, om eg noen gong har hatt det. Det næraste eg har kome må ha vore i 1980, då eg høyrte Back in Black av AC/DC for første gong. Denne typen livsglede trur eg kan hende du må vere hund for å ha. Anten det, eller så må du vere veldig dum. Men eg trur at hunden er ekstremt lukkeleg, og det er jo noe. Eg trur òg han er veldig dum.
Heile eksistensen hennar denne dagen har uansett peika fram mot augneblinken då ho står andsynes matfatet. Slik går dagane hennar. Og sjølve måltidet har form av noe som vanskeleg kan skildrast med kjente termar: Er det tale om ein eller annan lydlaus eksplosjon? Eller ein slags osmose? Ingen kan sjå at ho et, maten sklir på ein eller annan måte berre over i hundekroppen — ho brukar ikkje eingog eitt heilt innpust på heile matskåla.
Oppturen for dei av oss som irriterer oss over ei slik livsglede er jo nettopp det at heile livet hennar tar mellombels slutt i det ho har gjort seg ferdig med måltidet. Ho segnar liksom om og blir apatisk. Det einaste ho har å glede seg til no det er å tusle ut i hagen og drite ved sida av kaninburet, og det er på langt nær så gjevt. Livstrøytt, blir ho. Det har ho godt av, for kva er det vel ho har gjort som gjer ho fortent til slik ekstase? Logra i det eg kom inn døra?
Gmail
Monday 05 September 2005
Kategori: PermalinkFor øvrig vil eg på det varmaste tilrå Googles Gmail. Eg legg meg flat for at dei skal snuse i mailen min, og alt det suspekte dette medfører (skreddarsydd reklame og anna drit). Heilt greitt, kom igjen. Dette er så elegant i bruk at eg gir meg ende over. Utnytt meg på det grovaste, Google.
Dei tåpelege kvinnene å negrane å di
Sunday 04 September 2005
Kategori: PermalinkDet var det eg visste: Kvinnene er dummare enn mannfolka. Og negrane er dummare enn dei kvite.
Professor Richard Lynn har studert IQ og storleiken på hjernane til kvinner og menn over heile verda, og konkluderer med at kvinnene har gjennomsnittleg 5 poeng dårlegare score enn menn i IQ-testar. I tillegg har han funne ut at det er skilnader mellom ulike rasar, og han konkluderer mellom anna med at "... the average IQ of blacks in sub-Saharan Africa is approximately 70." Kvifor gjer då jentene det betre på skulen enn gutane? Tja, det har med pedagogikken, gruppearbeid, drama og slike ting å gjere; viss det kjem til det å skulle lære noe (les: å få ein A på eit prestisjeuniversitet), så er gutane framleis i tet.
The Guardian har meir om dette.Kva kan vi lære av alt dette? Jo, mellom anna at vi har utvikla oss vekk frå prinsippa om den naturlege seleksjonen, for, seier Lynn, folk under mellomklassa er dummare og har dårlegare moral enn alle andre, og hadde i tidlegare tider blitt fasa ut av naturen. No er vi for samvitsfulle og tar oss for godt av dei dumme folka, kvinnene og negrane, og naturen får slett og rett ikkje gjere jobben sin. Nokon skulle jammen ha laga eit politisk program av dette... hei ... vent litt, om ikkje noen har gjort det for nokre år sidan?
Det var godt å få brakt alt dette på bana igjen. For vi har jo høyrt liknande teoriar før, innan ulike vitskapar. I lingvistikken hadde vi jo for nokre tiår sidan Basil Bernstein, som med sine kodeteoriar oppretta eit skilje mellom dei språklege eigenskapane hos ungar i den amerikanske arbeidarklassa (les: amerikanske negerbarn) og ungane i mellomklassa (les: dei korpulente, kvite ungane) der dei kvite ungane hadde det Bernstein kalla
ei utvida kode og negrane
ei innsnevra kode. Det høyrer med til historia for det første at Bernstein blei kritisert for denne teorien, og for det andre at han jobba vidare på og modifiserte denne teorien i åra som gjekk. (Eg forenklar litt her, tilgje straks.)
Det opplagt fråverande her er jo sjølvsagt problematiseringa av omgrepet IQ, og på den same måten som prostatakreft og hjarte- og karsjukdomar er den verste lidinga i vår del av verda (målt i ressursbruk), reflekterer vel denne forskinga ein gammal, feit, kvit og naturvitskapleg orientert professors verdiar og bekymringar, ikkje ei slags sanning. Eg kan ikkje forstå anna enn at heile denne saka (i alle høve det eg har lese av ho) er eit einaste stort vitskapsmetodisk sjukdomsteikn. Akk, slikt får meg til å miste trua på akademia.
Men, men. Eg er jo både kvit og mann, så eg kan jo kose meg med tanken på at eg har ein mykje større verdi både andsynes naturen og samfunnet enn både kvinnane og negrane. Eg burde jo vere nøgd med det. Salige er dei gamle, kvite grisane, for dei har arva jorda.