Ei liste frå ein eller annan amerikansk blogg (eg fann lista
her) ramsar opp 200 ting du bør gjere før du døyr. Eg listar opp 10%, meir enn nok, og prøver fortløpande å forklåre (og rettferdiggjere) omstenda. Det kan tenkjast at det finst viktigare ting å få gjort før ein døyr enn dette:
1. Spandert øl på alle i puben
Nei, men eg har spandert Tequila på eitt av banda eg speler i, Kaptein Kabelsatan, rett før ein spelejobb sommaren 2003. Eg mista kontakt med verda 3 timar før spelejobben, og kom i kontakt med ho igjen då eg bråvakna klokka 10 dagen etter. Heime, i god stand.
Tequila er ikkje for pyser.
2. Svømt med ville delfiner
Nei, koss skulle det ha seg? Eg er frå Sogn og har svømt rett over ei og anna flyndre. Eg har høyrt at delfinar er snille dyr, men dei er svære som haiar, og eg som engstar meg for glasmanetar trur ikkje eg ville ha takla delfinane.
3. Klatret i et fjell
Herregud. Eg er gut.
4. Kjørt en test-tur med en Ferrari
Men ikkje så mykje gut. Eg er den einaste mannen i Noreg som har bede ei stakkars 16 år gammal blondine på ein Shell-stasjon om å vise meg kor oljepeilaren på bilen min er. Å gje meg ein Ferrari er som å spele John Coltrane for Vidar Kleppe.
5. Vært inne i en pyramide
Nei. Eg vil gjerne til Egypt. Eg lurer på kor mange kamelar dei byr for å gifte meg vekk til ei eller anna kvinne.
6. Holdt en tarantella
Nei, eg synest slike dyr er ekle. Eg har ikkje eingong pirka borti dei der stankelbeina som finst i alle krokar. Og krikar.
7. Hatt et bad med levende lys og selskap av en spesiell
Eg skjøner nok at den som har funne på denne lista meiner noe heilt anna enn å sitje i ein badestamp. Nudge, nugde, wink, wink. Men, ja, eg har det. Problemet er at eg er 193 cm. høg, og det heile blir fort ubehageleg i eit badekar av normal storleik.
8. Sagt «Jeg elsker deg»
Jada. Heile tida.
9. Hugget ned et tre
Er det så viktig å ha hogd ned eit tre?
10. Gjort en striptease for noen
Nei, herregud, men eg kler jo av meg om kvelden, og eg står her og no fram og bekjenner at sambuaren min ser meg kaste plagg for plagg ganske ofte. Kroppen min inviterer gjerne ikkje til offentleg striptease.
11. Hoppet i strikk
Nei, eg er livredd for slikt.
12. Besøkt Paris
Nei, eg synest fransk kultur er frykteleg oppskrytt. Har vore andre plassar i Frankrike, då. Eg var i Nice i andre gym, saman med dei 5 andre som hadde fransk, alle jenter. Eg trudde det skulle bli mitt livs tur, eg og 5 jenter i Nice, men dei brukte heile tida på å springe etter franske gutar. Så Frankrike for meg er det same som å sitje med ein finger i ræva.
13. Sett en seanse med lyn og torden på havet
Eh. Ja? Stress, sidan eg var i ein liten båt på det same havet. Denne seansen kan fort endre seg frå å vere noe du bør se før du døyr til å bli det siste du ser før du døyr.
14. Vært oppe hele natten og sett soloppgangen før man legger seg
Ja, det har eg. Det er fint, og eg har også sett solnedgangen med ein elg foran. Det er også fint.
15. Sett nordlyset
Det har eg og.
16. Gått på et stort sportsarrangement
Eg har vore på ein fotballkamp mellom Viking og Start. Tel det? Eg sakna kommentarane som kunne fortelje meg kven som skåra og kvifor dommaren blåser i fløyta si.
17. Gått alle trinn opp i det skjeve tårnet i Pisa
Nei, men det kan vel umuleg vere ei stor oppleving for oss (inntil det masochistiske) turgåande nordmenn? Kvar tredje nut her til lands er jo ein turistattraksjon. Det skal dei ha, nutane, dei er fine å sjå på.
18. Dyrket og spist egne grønnsaker og urter
Ja! Eg sådde karsefrø i 2. klasse, og hadde karsespirene på skjeva om morgonen.
19. Tatt på et isfjell
Nei, alle kjenner jo historia om Titanic. Isfjell = bad news.
20. Sovet under stjernene med himmelen som tak
Det høyrest jo reint poetisk ut, men eg har sove ute fleire gonger, og av vidt ulike årsaker. Det er oppskrytt, for å vere heilt ærleg. Eg hatar uro om morgonen, eg kan drepe for å få fred ein time og to til, og det å få fluger i fjeset, høyre skarpe lydar frå fuglar som skrik, og liknande, kan få det til å tilte fullstendig for meg. Eg passar best i eit mørkt rom under ei tjukk dyne.