Koss akademia blei til: Dei feite, fargeblinde, late og nærsynte
Thursday 30 March 2006
Kategori: PermalinkEg trur eg har funne svaret på eit spørsmål overraskande få har stilt seg: Koss hadde det seg at vi byrja å interessere oss for akademiske disiplinar? Korleis og kvifor oppstod eigentleg dei første akademia?
Eg trur det er tøv at vi tidleg byrja å gruble på kven vi er og kor vi kom frå. Det har eigentleg aldri brydd oss. Vi har derimot alltid prøvd å forenkle alt rundt oss, og slik byrja vi å samle og byte, og slik fann vi opp hjulet. Det har ingenting med dei store spørsmåla i livet men alt med kor lite vi treng å røre på oss å gjere. Kor mykje får eg igjen for minimal innsats, med andre ord. Der også derfor ekteksapet har stått seg som ein solid institusjon i dei patriarkalske samfunna, og først no, som kvinnene kjem til, er i ferd med å rakne: Vi menn har halde ut med de kvinner av di det har vore enklast for oss slik; ein ordna heim og alltid varm mat på bordet, og noen som kan fortelje oss at vi er best.
Mannen har på si side alltid vore den som har vore ute i skogen og på slettene på jakt etter mat. Og i tusenvis av år har den naturlege genetiske seleksjonen silt ut ei bestemt gruppe: Dei feite, fargeblinde, late og nærsynte mennene (FFLN-mennene). For kva skulle vel vi (for eg høyrer heime her) gjere på steppene, som ikkje greier å skilje ei eik frå ein giraff? Vi er i utgangspunktet genetisk overflødige, og i lange tider greidde naturen å halde oss nede. Kva økosystem har vel bruk for ein som ikkje ser ei frådande okse i vill fart på veg mot seg sjølv, og om han hadde sett det ikkje hadde orka å flytte seg?
Svaret er jo sjølvsagt det akademiske økosystemet, som blei funne opp av, nettopp, FFLN. Ein eller annan gong, på eitt eller anna tidspunkt, resonnerte ein FFLN slik:
"Nei, helsike, eg må rettferdiggjere min eksistens. Eg gjer jo ikkje anna enn å sitje på ræva mi og utstøyte rare lydar. Slik kan det ikkje vere.
(Gryntar misnøgd medan han strekk svevnen or kroppen, stikk handa under skinnfellen og klør seg på testiklane: 'Øøøø!!!' 'Nnggh!!!' )
"Men, hei, kva er det som skil lyden 'øøøø' frå 'nnngh'? Det kan eg jo prøve å finne ut av!"
Og dermed var lingvistikken fødd. Fleire kom til, og resten er historie: I tusenvis av år har feite, fargeblinde, late og nærsynte menn sete på baken sin og studert til dømes skilnadene mellom konsonantar og vokalar, og gjort det til noe viktigare enn å skaffe mat og dyrke jord.
Dette handlar altså ikkje om å vere nyfiken på livet, døden, havet, Gud og kjærleiken, men om å unngå stress, og det løgne er jo at vi har innbilt heile kulturar at det er viktig.