Råd til lærarspirer
Friday 24 March 2006
Kategori: PermalinkDersom du har tenkt å bli lærar, har eg nokre tips som eg vil dele med deg her. Dette kan verke fordomsfullt, men det er berre noe du trur:
1. Viss du har datakunnskapar ut over lærarstandarden, må du for alt i verda ikkje røpe dette. Tut med dei ulvane du er med, og desse ulvane har ikkje greie på IKT. Lat altså som om du ikkje kan særleg. Viss ikkje, får du brått ansvaret for å svare på allslags tåpelege spørsmål, og du må kurse gamle damer med fargerike klede og høyre på dumme påstandar om at "det virket jo i går." Windows er for ei lærarinne som kjernefysikk er for oss andre.
2. Det same gjeld spesialpedagogikk: Hald det hemmeleg, med mindre du alt er over 50 og har kjøpt alle dei fargerike kleda dine på Design Forum. Då er sjansen stor for at du vil trivast med dette faget.
3. Viss du har klypt deg, kjøpt deg ei ny jakke eller på andre måtar alterert framtoninga di, og du blir møtt med "Å! For ei stilig jakke" eller liknande begeistra utrop på lærarrommet, veit du at du har feila grundig. Aldri ta imot råd frå damer som går med keramikkøyredobbar, barber deg på skallen og hiv jakka. Rykk tilbake til start.
4. Stol aldri på personar frå sørlandet som er tilsette i skuleverket. Dei vil deg berre vondt, som til dømes å frelse deg eller å samtale med deg om meiningslause diktanalysar. Høyrer du sørlandsmål i korridorane bør du søkje tilflukt på næraste toalett. Her kan det gjerast unnatak for bibliotekarar frå Arendal, for dei verkar greie.
5. Ta aldri imot litteraturtips frå norsklærarar. Dei les berre dei same gamle romanane som førelesaren på universitetet tygde for dei i si tid. Kven som helst av dei andre tilsette (rektor, kontor- eller vaskepersonalet) har betre greie på dette. Hugs: Nora er eit tøyte, og Garborg skriv betre enn Dei tre oppskrytte (Bjørnson, Kielland og Lie) til saman.
6. Du må aldri røpe noe som helst om arbeidstida di til personar som har andre yrker. Då vil alle se kor lite vi eigentleg jobbar, og helvete brakar laus; bunden arbeidstid, kortare feriar osv. Hald berre kjeft. Gjenta etter meg: Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån. Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån. Vi er ei overarbeidd yrkesgruppe, med låg løn og store lån.
7. Skriv alle meldingar til medarbeidarar og administrasjon på nynorsk. Då trur folk at du er meir påliteleg, solid og staut enn du eigentleg er. Bruk altså fordommane til din fordel: Folk som skriv nynorsk er naive grovbrødtyggande bønder som berre tenkjer på Jesus og les Smørbukk.
8. Gutar som har studert på lærarhøgskulen er ikkje gutar lenger, for pedagogikken har forvandla dei til jenter (rett nok innelåst i ein gutekropp). Dette er eit velkjent fenomen som blir kalla "den pedagogiske transubstansasjonslæra." Desse gutoidane bør få tilgang til både herre- og dametoaletta. Lat dei få gråte i fred.