Eingongsgrillteorien
Wednesday 01 March 2006
Kategori: PermalinkVi var på fjelltur på søndag, og min spanske kvartdel insisterte på å ta med eingongsgrill. Eg hadde skarpe innvendingar, av di eg meiner det er heilt innlysande at ein grill vil smelte snøen under, og bli eit ubrukeleg røykande irritasjonsmoment 5 meter nede i ein tunnel i snøen, lenge før pølsene er varme. Eg iverksette derfor eit dokumentasjonsprosjekt med kameraet på mobiltelefonen min, for å bevise teorien min.
Her er grillen etter 5 minutt:

Her går alt greitt, og dei med godt syn kan se flammane til venstre på grillen. Så langt er alt vel.
Etter ca. 15 minutt ser grillen slik ut:

Eg byrjar her å innse at avleveringa av varme i retning nedover går treigare enn eg har trudd. Grillen har ikkje sunke.
Etter om lag 20 minutt, og med nokre pølser på ser det slik ut:

Framleis står grillen i ro, sjølv om han lagar skrekkeleg masse røyk. Eg byrjar no å leite etter alternative teoriar for å vri meg unna, men vel å stå på mitt. Framleis kan mykje skje.
Etter ca. ein halvtime innser eg at det er eitt eller anna eg ikkje har fått med meg i fysikktimane på gymnaset. No er nesten alle pølsene oppetne, og grillen står fjellstøtt:

Irriterande å ta feil.