Jan Simonsen
Normalt nyttar eg kontaktlinser, men når eg sit mykje framføre datamaskina, og med trynet nedi diverse bøker, er det greitt å nytte briller.

Eg har lenge ønska meg nye briller. Dei eg har no er for svake, og eg er både veldig nærsynt og veldig fargeblind. Eg skal med andre ord vere glad at eg ikkje er fødd i steinalderen. Eg greier mellom anna ikkje å skilje ein giraff frå ei bjørk; alle dyra i naturen går i eitt med vegetasjonen. Og utan linser eller briller på ser eg ikkje nevane mine viss eg strekk armane ut.

Problemet er at brillene mine er frå 1990. Det var om lag på denne tida Jan Simonsen kjøpte sine briller, trur eg, for dei er heilt like mine. No liknar ikkje Jan Simonsen og eg på kvarandre elles. Men i det eg tar på meg brillene, så er det som om ein eller annan transubstansasjon finn stad. Eg blir Jan Simonsen.

Så forfengeleg er eg at eg lever eit hemmeleg liv med desse brillene i kjellerstua mi, og berre der. Eg kan godt valse naken rundt i huset utan å bry meg om kva naboane meiner, men eg viser meg aldri med desse brillene. Dei gjer nytten medan eg les eller skriv, men eg har mareritt om kva som vil skje viss eg blir oppdaga av andre folk med brillene på.

No sit eg i kjellarstua og les, og eg kjenner at eg nesten er redd for koss eg kjem til å reagere når eg no skal på do, og må sjå meg sjølv i spegelen medan eg vaskar nevane. Eg kan ikkje ta av meg brillene, for då finn eg jo ikkje eingong nevane.
|