For å vere litt konspirasjonsteoretisk
Denne artikkelen (frå National Review -- jada, konservativt, men fri og bevare meg frå den einsidig unnfallande framstillinga frå venstresida her til lands) peikar på at karikaturane i Jyllandsposten vakte lite merksemd ut over Danmark før Abu Laban, ein 60 år gamal palestinsk imam busett i Danmark sidan 1993, tok teikningane med på ein turné til Midtausten, saman med ei rekkje karikaturar aldri publisert i danske medium. Desse karikaturane var også langt verre, til dømes viste dei Muhammed med grisetryne, eller i seksuell handling med ein hund. Slik greidde Abu Laban å hisse opp ei rekkje personar, altså dels på heilt feil grunnlag. Medan han har uttrykt seg nøgd med motstanden mot Danmark overfor arabiske medium, som TV-kanalen al Jazeera, har han felt tårer og fordømt boikotten mot danske varer i danske medium.

Kva er dette for ein fyr? Dansk presse (nærare bestemt DR) har i ein dokumentar avslørt at han har nær kontakt med terror-organisjonar, mellom anna som dansk omsetjar av Al Murabitoun, den offisielle publikasjonen til Gamaa Islamiyah, ein militant terrororganisasjon med band til al-Qaeda. I rolege København har Gamaa-leiarar, som mellom andre bin Ladens høgre hand, Ayman Al Zawahiri, kunne sleppe unna den lange armen til egyptisk lovverkt og etterretning, og vår mann i Danmark har altså jobba i dette miljøet.

Kva viser dette? Mellom anna, igjen, at det er ytterleggåande krefter som jobbar på tvers av tiltak som søkjer forståing og dialog. I Noreg har vi våre svin, og dei gøymer seg ikkje ein gong i ein skog, men bak omgrepet "ytringsfridom" i eit tøysete magasin for blåkristne.

Ein annan artikkel av ein annan journalist, men i det same magasinet (altså National Review), peiker på at det ikkje nødvendigvis er så klokt å publisere slike teikningar, sjølv om det definitivt er innanfor grensene til ytringsfridomen. I Europa har det stort sett vore pressa til høgre for midten som har trykt teikningane (og i blogosfæren er det blå-bloggarane som har vore først ute med det same), medan pressa til venstre for midten har vegra seg, og tona det multikulturelle flagget. Sjølv veit eg enno ikkje heilt kva eg skal tru er rett her, og sanninga ligg vel, som vanleg, ein eller annan plass midt imellom dei enkle polane.

Men, til det konspirasjonsteoretiske. Artikkelen stiller vidare følgjande spørsmål (oppbacka av denne artikkelen): Er det tilfeldigheiter at denne striden rasar no, som FNs tryggleiksråd skal handsame atomprogram-spørsmålet i Iran, og Danmark har den fellesnordiske plassen i tryggleiksrådet i 2005-6, med ei prominent rolle ("chairmanship of Counsil") i denne saka?

Go figure. Det må vere lov å spørje.

(Takk til Paal for lenkjer til artiklane. Keep'em coming)
|