Hotel Caesar
Wednesday 11 January 2006
Kategori: PermalinkI apatien etter fullført mastergrad (har gitt meg sjølv eit par-tre late veker) har eg følgd med på prøvene til nye skodespelarar i Hotel Caesar. Lat det vere sagt: Eg har aldri sett ei heil episode rett igjennom, så eg veit eigentleg ikkje om HC er dårleg eller bra. Eg er berre ikkje interessert.
Men reality-konseptet rundt auditionen til nye skodespelarar fekk eg med meg, som sagt i ei post-MA-juletåke (stress haust og mykje feit julemat). Og dermed sat eg i fella før eg visste kva som hadde hendt: Eg blei lurt til å følgje med på HC for å sjå koss det no eigentleg gjekk med desse ungdommane.
Så her sit eg, og irriterer meg over Scott, som verkeleg byrjar å oppføre seg psykopatisk. Dumme, dumme Scott.
Må gjenoppta livet mitt, ser eg.