Opphavsrettsleg sjølvmelding
Tuesday 21 March 2006
Kategori: PermalinkEtter å ha vore musikar og sjølvstendig næringsdrivande med ansvar for forskottskatt, momsfrådrag og ei sjølvmelding lengre enn masteravhandlinga mi, har eg utvikla ein angst for fut og fogd. Denne angsten har trengt inn i kroppen min og blitt patologisk. Eg orkar ikkje å opne brev frå kommunen, fylket eller staten, alt dette må sambuaren min ta seg av. Hin dagen kom det til dømes eit brev frå kemnaren. Han sender ut slike vemmelege brev med perforeringar i kanten, om lag som lønsslippen, og slike brev, med KEMNEREN I SANDNES i krigstypar utanpå, verkar lakserande på meg. Når du må rive eit brev opp etter perforerte linjer er det viktig. Denne gongen var det berre melding om forskottskatt.
Eg trur faktisk det finst behandlingstilbod for stoda mi, men hos oss løyser dette seg ved at eg har blitt fråtatt alt ansvar for mine eigne (og andres) pengar. Eg er kastrert, og får ikkje ein gong rå over Visa-kortet mitt, endå mindre nettbanken. Men eg liker det slik, og eg slepp å opne dei lakserande breva. Gje meg vekepengar og snop om laurdagen, så er eg nøgd.
Det er umogleg for meg å sjå kven som vitjar bloggen min. Alt eg veit er talet på treff per dag, og kva internettleverandør dei ulike treffa kjem frå (Telenor, Lyse, etc). Så dette er ikkje spennande lesing. Hjartet mitt hoppa i mellomtida over ein liten ettermiddag då eg i staden for Telenor eller Lyse las at Kopinor hadde vore inne på bloggen min! Kva skjer? Har dei lukta at eg er lærar og jobbar på ein skule med kopimaskin,* og mistenkjer meg for å ha snike meg til ein kopi og to? Det er som om kemnaren har tatt pant i bloggen min.
Dette gjev meg angst, og eg ønskjer ikkje strafferettsleg forfølging. Eg vil derfor kome med ein appell til Kopinor:
Kjære Kopinor. Det kan ha vore slik at eg uforvarande har kome til å distribuere ein kopi av Olav Nygards dikt "No reiser kvelden seg." Eg skal umiddelbart inndra dette diktet. Det dreier seg om 14 kopiar, og det blei gjort tidleg i år, i god tru, før eg ante omfanget av konflikten. Dessutan er Olav Nygard i slekta mi, så eg kan muligens sleppe av kroken av den grunn? Eller kan hende ikkje. I alle fall: Eg legg meg flat, elevane mine skal ikkje få eit glimt av kopiert, opphavsrettsleg beskytta materiale, og eg skal be dei gløyme heile Olav Nygard.
Takk, og no kjenner eg meg betre.
* Alle veit at alle kommunar og fylkeskommunar står utan rett til å kopiere frå opphavsrettsleg beskytta materiale, sant? Dette tyder at eg ikkje kan lage koselege kopiar av "Aust-Vågøy" og liknande til elevane mine.