Analyseoppgåve
Eg vel i denne oppgåva å samanlikne dei musikalske sidene hos Wig Wam og Turboneger utan å ta utgangspunkt i sjølve musikken, av di eg meiner det musikalske uttrykket er eit underordna element hos desse banda. Dette høyrest kan hende noko paradoksalt (for ikkje å seie uforståeleg) ut, men eg vil prøve å demonstrere dette i oppgåva. Det moralske, etiske og utsjånadsmessige vil bli vigd større plass.

Turboneger starta på 90-talet som eit utstudert og planlagt uhipt band som tok mål av seg å demme opp for all driten 80-talet hadde skapt. På byrjinga av 90-talet var kvart 1.8. mannfolk i Noreg kjønnsforvirra (blant dei som hadde gått lærarhøgskulen i denne perioden var talet på kjønnsforvirra mannfolk mykje høgare, om lag 98%. Men det handlar mest om dorull-vattnisse-og snakk-om-det-pedagogikken formidla av nyss fråskilde damer med skeiv pannelugg og keramikkøyredobb i øyret, som nett hadde tatt hovudfaget i pedagogikk og keramikk. Dette høyrer til i ein annan diskusjon). Vitnesbyrd om denne kjønnsforvirringa ser vi i dei fleste av 80-talsartistane; Simple Minds, Alphaville, Mötley Crue, og (for all del) Jannicke. Turboneger sette seg som mål å byggje ned den lettare homofile imagen blant rockemusikarane som 80-talet hadde vore med og bygd opp, sjølv om dette endra seg etter kvart. Meir om det seinare. Vokalisten, kalla Hank von Helvete (eigentleg Harald-Kåre Olsen, eller noe liknande), puttar til dømes under konsertane nyttårsrakettar inn i endetarmsopninga si og fyrer dei på denne måten av mot publikum. Det mange trur er eit rocka stunt er eigentleg ei symbolsk anti-homofil handling i protest mot 80-talets jente-gutar, der _ut_føringa av eit objekt frå anus handlar om å ta avstand frå gjengs homofil praksis.

I Turbonegers tidlege fase gjorde bandet avtalar med musikkpressa i hovudstaden om dårlege platemeldingar. Slik kunne dei byggje kred som eit hardt arbeidande rockeband. Kred-bygginga innebar også at nokre av medlemmene i bandet måtte byrje med narkotika, og etter ei handsopprekking på ei bandøving blei det vedtatt at dette skulle bli vokalisten. Dermed byrja han på heroin. Grunnen til at han byrja på heroin var altså at han dermed kunne slutte med heroin seinare, ei handling som er særs viktig for vokalisten i eit hardt arbeidande rockeband. Turboneger framstod dermed som eit halvdårleg rockeband med ein vokalist med dårleg utsjånad, elendig engelskuttale og narkotikaproblem. Verken publikum eller pressa likte dei. Grunnlaget var slik lagt for ei lysande karrière.

Problemet for Turboneger var i mellomtida at dei var (og er) litt lite merksame. Innan Hank von Helvete hadde blitt heroinist og dei hadde gått vekk frå 80-talets jente-image, klåre til å revolusjonere rocken, hadde alt Nirvana rukke å gjere akkurat det same. I tillegg hadde dei god engelskuttale og gode låtar, og vokalisten toppa heile driten med å ta sitt eige liv. Dermed var Turboneger redusert til eit lite, lokalt åttandeklasseband med spelejobbar på elevkveldar og tilstelningar for onklar. Noe måtte gjerast, og ingen ville ta livet sitt (avgjort med handsopprekking på ei bandøving).

Dermed gjekk bandet vekk frå det tøffe imaget, utstyrte heile bandet (ikkje berre HvH) med sminke i fjeset og lettare homo-erotiske sailorboy-uniformar. I tillegg slutta Hank von Helvete med heroin, og byrja å lefle med saft, vaflar og kristendom; bak sminken og dongeribuksene blei likskapen med skaphomsar som Knut Arild Hareide slåande. Nyttårsrakettane i anus blei mot slutten av 90-talet eit homo-symbol, der _inn_føringa i anus handla om både erotikk og sympati mot ei diskriminert gruppe -- eit politisk og seksuelt statement. I takt med den seksuelle og andelege vendinga auka platesalet, og bandet har blitt ein kommersiell suksess.

Årsakene til denne suksessen ligg sjølvsagt i at det norske platekjøpande publikummet er særs mottakelege for musikk spelt av gutar lettare utkledd som jenter: Turboneger, Bonnie Taylor, Tor Endresen + han med brillene frå Bergen, og endeleg Wig Wam.

Wig Wam er den meir direkte utgåva av Turboneger, og den homoerotiske flørten er på ei og same tid meir direkte og meir tilgjort: Wig Wam er tydeleg eit gjeng bygdenordmenn med ein trygg og ekte, rot-norsk bondeidentitet, og med ein trygg og ekte kjønnsidentitet, men som ikler seg glamorøse kostymer for å bli tatt tilbake til ei tid då slikt var meir naturleg. Her finn vi ingen leik med anus, men berre parykkar og høge helar; det karnevalske gjer Wig Wam i stand til å nytte glam-musikken, puddel-heavy-rocken som ein leik og som ein samfunnskritikk. Wig Wam er ikkje eit band, men eit statement: Rotnorske heteroseksuelle personar støttar trans- eller homoseksuelle nordmenn, gjerne dei som ikkje heilt torer stå for sin eigen seksualitet. Turboneger veit ikkje alltid kva dei gjer, verken seksuelt eller musikalsk (eller språkleg, jamfør namneforvirringa Turboneger/Turbonegro), men for Wig Wam er alt dette tydeleg, og det handlar verken om sex eller musikk, men om lojalitet, oppofring og solidaritet. Turboneger er eit typisk Oslo-fenomen, der kompleksa overfor resten av Europa blir så store at ein anten a) blir handlingslamma, eller b) snur seg og tar det ut over resten av Noreg. Wig Wam er eigentleg ein Turboneger-korreks; dei er i stand til å setje Turboneger i samanheng med seg sjølv, Noreg og Europa.

Ein kan dermed ikkje forstå det eine bandet utan det andre, sidan dei går inn i ein kulturell, nasjonal, språkleg og seksuell einskap. Sjølve musikken her er derfor underordna; ein vel å spreie sine statements i dei kanalane som til ei kvar tid er tilgjengelege og best eigna. Å påstå at musikken er vesentleg for Turboneger og Wig Wam er som å påstå at Gutenberg-prenta er viktig for Salmenes bok i Bibelen. Jovisst, Gutenberg-prenta gjorde sitt for Bibelen, eit opplagt poeng hos alle mediehistorikarar, men salmane levde og verka lenge før Gutenberg. Joda, musikken er ein effektiv reiskap for Wig Wam og Turboneger, men ikkje nødvendig. For 100 000 år sidan kunne like godt hòlemaleriet vore tingen.

Hadde eg fått ønsket mitt, ville eg ha sett ei diktsamling utgjeven av Turboneger og Wig Wam i tandem, gjerne på nynorsk. Dette verkar på meg som ei rett utvikling, sidan dikt er mediet for kjensler. Dikta kunne ha uttrykt HvHs tankar på ein rolegare og meir tidsriktig måte, utan å måtte ty til dårlege rockelåtar.

Avslutningsvis vil eg tileigne Hank von Helvete eit dikt, slik eg gjerne ville ha sett det i diktsamlinga hans:

Jeg -
en rakett
i min rumpe
dette underlige hull
med potensiale for meget tull

Jeg -
en mann? en ball
av hår og kjærlighet
til deg
europa!
og jesus



|