Det er typisk norsk å vere polsk
Kalde dagar kan nyttast til så mangt. Eg trur eg har funne løysinga på sidemålsproblematikken, og med det løysinga på fleire problem, her til lands.

Som vi alle veit kostar det jo mykje å ha to sidestilte målformer her til lands. Dokument må lagast i ulike versjonar, og ikkje minst kostar det å lære opp alle i Noreg i eit sidemål, ved sida av eit hovudmål. Det er heilt merkeleg, men løysinga ligg rett under nasa vår, og eg kom på det då eg gløtta opp frå skjermen i dag tidleg og såg ein snekkar hamre laus på eitt av nabohusa.

Løysinga er nemleg verken bokmål, nynorsk eller samnorsk. Løysinga ligg ein heilt annan plass:

Saka er, la oss alle innrøme det, at det smakar meir enn det kostar å oppretthalde nynorsken. Vel er det skjønt å lese lyrikk på nynorsk, men det er nokså opplagt at nynorsk ikkje er eigna til kommunikasjon. Nynorsk er eit kjenslespråk. Derfor må nynorsken døy. Det kostar for mykje pengar å lære opp alle i Noreg i eit lite nyttig skriftspråk, og det kostar endå meir å lære opp treige lærarar.

Kvifor er det då inga løysing å standardisere på bokmålet slik vi kjenner og elsker det?

Jo, av di det også er for dyrt. Det er snakk om kostnader, ikkje sant? Og ein morsmålslærar frå Noreg er dyr i drift, uansett om han lærer vekk nynorsk eller bokmål. MÅ vi absolutt lære norsk, berre av di vi bur i Noreg? Kor står det at vi døyr av å kommunisere på eit billegare språk?

No tenkjer du sikkert "AHA! Han vil innføre engelsk over heile fjøla, sidan språket vårt er så influert av engelsk allereie." Men nei: Engelsken er også for dyr. Ein morsmålslærar frå England eller USA er ikkje særleg mykje billegare i drift enn ein norsk lærar. Tilbake til snekkaren eg såg i dag tidleg:

Eg luska nemleg ut og snakka med fyren. Han var, som eg trudde, frå Polen, og snekra laus på huset til 55 kroner timen. "Er ikkje dette lite, då?", spurde eg. "Neida" sa han, "mykje betre enn det eg er vant med."

Der har du det. Løysinga er å erstatte norsk med polsk, og innføre på brei front polske morsmålslærarar. Og i ei overgangsfase erstatter vi alle journalistar, forfattarar og andre skrivande med polske erstatningar, og det geniale: Til ein timepris på 55 kroner!

Fordelane overgår heilt klårt ulempene. Vel blir det litt stress i ein periode, men vi frigjer utrulege midlar: Vi kan auke pensjonsutbetalingane, bygge eldrebustader på 110 kvadrat med to silikonfylte pleiarar per pensjonist. Og pleiarane kan også vere 55-kronerspleiarar frå Polen, med polsk silikon, slik at vi sparer endå meir. Vi kan ruste opp forsvaret vårt, bygge nye barnehagar og skular, og auke kontantstøtta til å gjelde både mødre og fedrer i ein periode på 4 år. Vi kan jamvel setje igang med vårt eige romfartsprogram, og i norsk pioner-ånd bli den første nasjonen som innfører sosialdemokrati, kontantstøtte og polsk som morsmål utanfor vårt eige solsystem.

Vi vil bli ein føregangsnasjon i heile verda, og på myntane våre vil vi prege ein lettare omarbeidd Brundtland: "Det er typisk norsk å vere polsk."

Mulegheitene er enorme.

Det gjeld berre å tenkje rett. Og tenk: Viss vi i tillegg kuttar ut divisjon frå matematikkundervisinga, og berre konsentrerer oss om 3 rekneartar?

Tankane gjer meg svimmel. Eg fortener ei statue framføre slottet. Eller ein kopp kaffi.
|