Trugsmål
Magazinet-redaktøren Vebjørn Selbekk har no blitt truga så mykje at han tydeleg i frykt angrar på å ha trykt karikaturen av Muhammed frå Jyllandsposten, den norske ambassaden i Syria står i fyr og flamme, og det er tale om handelsboikott av mellom andre Noreg og Danmark. Og i Danmark byrjar no høgre-ekstreme med 0,5 cm. mellom augene å røre på seg.

Å beklage og uttrykke anger over å ha trykt Muhammed-kariktaturane er etter mitt skjønn heilt feil. Å trekkje grensene mellom politikk og religion kan vere svært vanskeleg når det gjeld Islam, og fleire av dei aktuelle Muhammed-karikaturane er politiske kommentarar, og (nokre vil hevde) gode sådanne. Mine verdiar er fullstendig på kollisjonskurs med ei verd som vil nekte kommentarar til og kritikk av eit styresett. Derfor må aldri trugsmål om vald for å teie kritikk og satire aksepterast. Tvert om burde fleire stille seg lojalt bak Jyllandsposten, og se på dette som ein kamp om ytringsfridom og demokrati.

Å lytte til (og forståWinking at ei rekkje muslimar kjenner seg tråkka på av slike teikningar er ein ting; dialogar og fredelege protestar er heilt fint. Men karikaturen av Muhammed med ein bombeforma turban blir merkeleg aktuell i det reaksjonen på karikaturen handlar om, nettopp, bomber i Allahs namn. Det triste her er at diskusjonen (eller kampen) blir overlatt til ekstemistar i båe leirar, og det er sjølvsagt viktig å presisere at den muslimske verda reiser seg og protesterer mot det valdelege bildet desse ekstremistane gjev av Islam. Likeeins kan det også stillast spørsmål ved Magazinets motiv for å trykke karikaturane. Slike diskusjonar druknar diverre i bråket, og hindrar Selbekk i å få den peparen han sannsynlegvis fortener. Likevel, pepar er noe anna enn drapstrugsmål.

At NRK har bestemt seg for ikkje å vise karikaturane er eit sjukdomsteikn og ei uforståeleg avgjerd, og viser ytterleggåane muslimar at det nyttar med trugsmål om terror og vald for å kneble folk. Eg fryktar følgjene av dette, som i Danmark, der nokre meiner at integrasjonsprosessen til muslimane i Danmark er sett tilbake med fleire år.
|