Nynorsk-krisa
Monday 27 March 2006
Kategori: PermalinkEg har lova meg sjølv å ikkje skrive om nynorsk her. Derfor overlet eg igjen maskina til bestemora mi, som gjerne skriv om nynorsk. Ho heiter også ArneOlav, og her det ho meiner:
Det kan vere eit sjukdomsteikn, men eg skjøner opptil fleire av argumenta til
blårussen som handlar om nynorsken, og eit døme på slikt noe finn du
her. Eg er langt på veg samd i at ein ikkje kan regulere seg fram til eit levande og godt nynorsk, men noe drahjelp frå lovar og reglar må eit kvart språk ha. Derfor meiner eg vi framleis bør ha eit regulert forhald mellom nynorsk og bokmål, til dømes i det offentlege.
Det sterkaste argumentet for nynorsken finn ein likevel i sjølve språket, og eg er overraska over kor lite som blir gjort for å setje fokus på det språklege og språk-estetiske i denne diskusjonen. Kor er forskinga på dette, kjære målrørsle? Nynorsk er ikkje eit lyrikkspråk, det er eit språk for hjernen og dei kvasse, direkte og aktive formuleringane, og dette synest eg særpregar nynorske prosaforfattarar. Sjølvsagt er det like mange gode bokmålsskribentar, men poenget mitt er dette: Nynorsken og det nynorske språkidealet representerer noe annleis, og dette annleise har ein språkleg eigenverdi.
Denne verdien trur eg fleire hadde sett, hadde ikkje nynorsken vore redusert til eit tvangsmål og eit spørsmål om kjønn og sterke verb. Eg trur langt fleire hadde vore tent med å skrive nynorsk, og sett dette, viss vi på vår side kunne ha kvitta oss med tåkeleggjarane frå målrørsla. Sanninga ligg ikkje eingong mellom venstre- og høgresida, men ein heilt annan stad, som båe desse ytterpunkta har gløymt ut: I sjølve det språklege, det meiningsberande og -skapande; språkidealet og det estetiske.
I 2007-8 ønskjer eg meg verkeleg boka som tar føre seg nynorsken og språkestetikken, ikkje nok eit språknekrofilt festskrift over ein stor og 150 år gamal nynorsking.