Saturday 25 February 2006
Kategori: PermalinkEspen Andersen bloggar eit innlegg han sjølv har i Aftenposten, der han gjev
11 grunnar til at ein skal velje realfag. No veit eg ikkje om Andersen vil vere polemisk eller morosam, for ein kan lese i alle høve delar av innlegget som begge delar. Eg les det slik:
Innlegget gjev ei rekkje argument for kvifor ein skal velje matematikk, og nokre av desse grunnane er gode. Det finst også fleire gode grunnar som Andersen ikkje nemner -- til dømes nasjonale argument som ein blåbloggande BI-førelesar sannsynlegvis ikkje finn særs viktige.
Likevel snublar artikkelen i fleire teppekantar undervegs: Andersens artikkel drar fleire parallellar mellom matematikkfaget og intelligens, tankekraft, ryddig argumentasjon og emne til å framstille ei sak. Å slutte at matematikkstudium gjev deg klåre tankar er ei kvalifisert kort-slutning, og altså (når det kjem frå realisthald) i seg sjølv eit prov på det motsette. Når har det blitt slik, og kven kan føre prov for dette?
Vel, kan Andersen postulere, så kan eg: Eg språkvaskar og les korrektur for ei rekkje tekstar frå realisthender, høgt utdanna og kvalifiserte slike. Desse realistane, sett under eitt, utmerkjer seg med gode fagkunnskapar i matematikk, men
ikkje med utprega gode emne til å føre ein kvar tanke logisk, klårt og tydeleg fram til ein konklusjon. Her er det andre emne enn kva fag du har studert som avgjer. Tankeklårheit og logisk, solid og tydeleg argumentasjon har ingenting med matematikkstudium eller rekneferdigheiter å gjere.
Eg forstår ikkje kor dei kolonialiserande tankane om matematikken som eit universelt tenkje- eller intelligensfag kjem frå. Eller, rettare: Eg veit jo at dei kjem frå det naturvitskaplege hegemoniet som har ridd delar av vestleg åndsliv frå 16-1700 talet (jamfør positivismestriden her til lands), men eg trudde no at vi hadde blitt klokare no, og kvitta oss med slikt. Andersen skriv til dømes følgjande, og det er nesten flaut å lese slikt: "Matematikk er for læring hva kondisjons- og styrketrening er for idrett." Vel, igjen: Sjå kor langt matematikken har ført artikkelforfattaren i retning av å trekkje gode parallellar.
Av å studere matematikk blir ein flinkare i matematikk. Ikkje romantiser matten, det er det ingen grunn til. Faget har ein eigenverdi, og den er stor nok i massevis. Studer matematikk av di du vil bli flinkare i matematikk, ikkje av di du trur at du lettare unngår å bli lurt av pyramidespel, blir rikare enn ei popstjerne, eller blir smartare, som Andersen så banalt formulerer det.
PS: Å rakke ned på lærarstudentane er greitt nok; lærarstudia har hatt låg status, låge inntakskrav, og følgjeleg mange dårlege studentar. Men når du er BI-lærar bør du kan hende vokte deg litt for å rakke ned på studentar ved andre fakultet. BI har vel ikkje rykte på seg for å produsere framtidige Nobelpris-kandidatar dei heller.
PS 2: Eg vil varmt tilrå Andersens blogg, for den er både kunnskapsrik, engasjerande og provoserande.