The revenge of the sjekkhefte-generation
Vi lever jo i streiketider, og frå måndag av blir det bankstreik. Det blir ei krise av uante dimensjonar for oss som aldri har opplevd sjekkheftealderen. Nokre spår at streiken blir avblåst nokså kjapt av di gamle og sjuke ikkje får kjøpe livsviktig medisin, slik at streiken ender i tvungen lønsnemnd. Dette er jo tøv, av ei svært enkel årsak: Dei gamle og sjuke er dei einaste igjen i Noreg med sjekkhefte og alle kontantane i ei krukke på kjøkenet. Dette opnar dører i eit samfunn som går ned når ingen kan bruke nettbank, minibank eller kortterminalar.

Dei gamle og sjuke ligg faktisk an til å bli streikevinnarane i dette oppgjeret; heile samfunnet vårt ligg for føtene til dei over 80 frå og med måndag. Dei kan låne ut pengar til ågerrente og slå seg opp med alternativ bankverksemd; dei kan selje medisinane sine vidare til andre utan sjekkhefte og på denne måten forlenge streiken og følgjeleg auke si eiga omsetning -- her finst i det heile tatt uante moglegheiter for initiativrike 80-åringar.

Er du klok, så kjøper du deg inn i (eller beint fram organiserer) eit slikt gamlissyndikat i løpet av helga. Finn fram julekort og bursdagshelsingar frå fjerne tanter og bestemødrer og ta kontakt, heng opp bilete av Kong Haakon, bak ei rullekake og to, og set igang. Frå måndag av kan du og ein onkel du ikkje visste du hadde le heile vegen forbi banken (eller småle heile vegen forbi mini-banken).
|