12 sider
Sunday 23 October 2005
Kategori: Permalinkut i eit førsteutkast av masteravhandlinga. Dette er frå i går til i dag (1820), og eg har ambisjonar om å få etablert eit førsteutkast i løpet av neste helg. Utkastet baserer seg sjølvsagt på ei godkjent ramme, og om lag 50 sider med notat til denne ramma, eller disposisjonen, i tillegg til tekstar eg har skrive om emnet tidlegare. Eg håper å lande ein plass mellom 80 og 100 sider.
Skriving er eit pirkearbeid, og eg er glad for dei gode hjelpemidla eg har. Rekkefølgja er ikkje prioritert:
1. Mac Powerbook 12" med ein ekstern 17" skjerm. LCD er så uendeleg mykje betre for auga enn dei gamle røyrskjermane. Maskina har ikkje hikka sidan eg fekk ho.
2. Nescafé Gull - Fyldig og aromatisk. Boks på boks, liter på liter. Eg er usannsynleg lei traktekaffi, og dette smakar for tida mykje betre.
3. Mellel tekstbehandlar og Bookends bibliografiprogramvare. Eg kan ikkje få rost Mellel godt nok, han går Word ein høg gang i den type arbeid som krev lange tekstar: Enormt god outliner, veldig kjapp, og tett integrert med Bookends. I tillegg ser han bra ut, og viktigast: Teksten ser bra ut (og her er det store skilpadder. Skilnader.)
3. Gigantar med store skuldrar.