Nintendo DS og Brain Training
Tuesday 14 February 2006
Kategori: PermalinkEg fortel alle eg kjenner kor begeistra eg er for dottera mi sin Nintendo DS.

Eg synest det er ein genial liten boks som tar dei berbare spelkonsollane eit godt steg vidare, med touch pad og mikrofon for talestyring, med meir.
Denne artikkelen fortel om ein ny trend som har funne heim på DS-plattforma: Brain Training -- spel som øver opp ulike ferdigheiter. Eller er det spel? Kor går grensene her?
Uansett: mykje kjekt i vente på DS-plattforma. Og, ja: Det er kjekt å kunne blåse såpebobler til hunden din i Nintendogs og faktisk måtte fysisk blåse boblene, ikkje trykke på ein knapp. Det synest i alle høve dottera mi.