Leonard Cohen
Thursday 16 March 2006
Kategori: PermalinkEg har tidlegare medgitt at eg ikkje likar Cohen særleg betre enn eg likar andre Kvinner og Klær-lyrikarar. Likevel er behandlinga låta "Hallelujah" får av eitt eller anna svensk danseband (eller norsk, heilt umogleg å skilje mellom Sverige og Noreg i dansebandsjangeren) blodig urettvis. For det første er no det musikalske ein ting, der dei humpar av garde på tradisjonelt jolly dansebandvis. Ein heilt annan ting er videoen, der dei er filma i eit tivoliapparat som går rundt og rundt, medan dei leppe-synkar til musikken og prøver å unngå å spy.
Eit ubetaleleg syn, eigentleg, heilt sjukt. Du finn det på Danseband-Jukebox på NRK2 etter stengetid, og det er veld verd det å li seg igjennom Ole Einars, Einar Ivars og Ole Jørgens for å få med seg denne videoen.